torsdag 6. august 2009

Høgre om for Unge Høgre

Unge Høgre i Buskerud imponerar denne valkampen ved å vakle allereie ved start. I går kunne dei slå både på stortromma og på si eiga brystkasse og erklære at dei nekta å delta i skulevaldebattane der Vigrid òg hadde fått løyve til å delta.

Gromgutane i det odinistiske nazi-partiet Vigrid, leia av den bebarta Ted Bendy-aktige salsmannen Tore Wilhelm Tvedt, har hatt nok oppsluttnad til å kunne stille liste i det komande stortingsvalet, og kan difor òg delta i skulevala.

Unge Høgre var sjølvsagt forferda! Eit parti som meiner noko fundamentalt annleis enn den liberalistiske sosial demokratiske konsus! Motsetnadar på noko anna enn enkeltsaker! Hjelpe meg! Korleis skulle det ha seg om ein debatterte prinsippar og menneskeverd i ein skuledebatt?!

Pappagutane veit råd. Dei er unge. Dei er moderne. Dei veit kva som tel! Pappagutane ville boikotte! Dei vil ikkje stille til debatt om Vigrid får stille! Vigrid får heller stille åleine på skulane og tale uimotsagt, tenkjer dei. Dei er vant til å få vilja si heime, dei er vant til å få det dei peikar på. Men av ein eller annan merkeleg grunn så slår ikkje dei andre ungdomsfylkingane lag med dei på veg ut døra, dei andre er visst vant til å måtte diskutere med idiotar (?), og bestemmar seg for å ta debatten med vetle Vigrid.

Unge Høgre stussa. Nølte. Undra. Dei vil ikkje stå åleine utanfor og la dei andre debattere... det verte høgre om! Marsj inn att på plass, men ikkje utan sjølv erklære at dei vil framleis kjempe for at Vigrid ikkje skal få tale. For Unge Høgre er tilhengjarar av mangfold og fridom, forklarar dei. Og då må ein ikkje la folk med andre meiningar uttale seg. Då slår alt sprekkar for borgarskapet. Eg tillet meg å sitere Vigrid sin talsmann i skulevalet:
"Jeg synes dette er rimelig patetisk av Unge Høyre, og det viser at deres utspill er lite gjennomtenkte"
Kjære Unge Høgre, er det ikkje litt trist å gje Vigrid rett, allereie så tidleg i valkampen? Vigrid vinn på walkover i Buskerud om det held fram slik. Det beste er jo at de, ved å ville boikotte slemmingar som Vigrid, stiller dykk i same leir som Tjen Folket og SOS Rasisme. Dette har eg venta lenge på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar