laurdag 22. august 2009

Idealpartiet

Denne valkampen tar på. Som valkamper flest. Over alt ser eg folk som sitt og studerar partiprogram, prinsipprogram og allskens andre fargerike borsjyrar forfatta for å overtyde oss om kvart enkelt partis dyktighet. Her listast det opp sak etter sak der alle andre har gjort feil, men berre dette partiet har løysinga. Punkt for punt, i evige lister får vi presentert imponerande handlingsplanar frå Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterparitet. Og la oss ikkje gløyme Raudt, Kristent Samlingsparti, Kystpartiet og Demokratane. Og så har vi dei vi helst vil gløyme, som Vigrid, Noregs Kommunistparti og Noregspatriotane.

Eit mylder av parti som alle har eit presserande ønskje om å gjere ditt liv betre! Deira mål er å gje deg det du vil ha.

Fabelaktig, ikkje sant?

Så kvifor ser eg berre fortvila andlet. Kvifor ser folka rundt meg opp frå brosjyrane med eit spørjande blikk, som om eg skulle vere i stand til å fortelje dei kva dei skal stemme? Kva svar har eg å gje, som ikkje er å finne i desse programma?

Problemet er at brosjyrane ikkje svarar på spørsmåla folk har. Dei svarar på det marknadsavdelingar har fortald produsenten at folk vil høyre. Dei er designa for å selje ei vare, utan tanke på at vi ikkje har lyst til å shoppe partier, vi har ikkje lyst til å shoppe politikk. Vi forventar oss meir, og får det ikkje. Så vi vart sittande att fortvilte. Meir og meir for kvart val som går, så glipp alternativa ut av hendene våre. Politikarane skuffar gong på gong, og meistrar ikkje å få med seg andre enn sine mest lojale tilhengjarar. Årets store mønstringsak er å stemme på noko anna enn FrP. Jo, takk for det... men kva slags alternativ er det? Kvar er alternativet for oss som ikkje vil ha punktlister? For oss som vil ha resonnement, ikkje slagord? For oss som vil ha prinsippar, og som ikkje trur på enkle løysingar?

For her er vårt systems store problem. Politikken er småleg og uinteressant. Eg gjev vel blanke i enkeltsaker, det er detaljar, eg vil ha noko eg kan tru på!

Idealpartiet er ikkje eit som står og hamrar på mi dør og fortel meg kva dei vil gjere for meg og mine. Idealpartiet er ikkje eit parti som fortel meg at dei har nøyaktig det eg ønskjer meg i dag.

Idealpartiet er eit som ikkje er så fordømt opptatt av kva dei trur eg vil ha, og er meir opptatt av kva dei, og eg, kan gjere for å skape eit betre samfunn. Idealpartiet er eit som stiller krav til oss alle, og som ber oss gjere for dei, like mykje som partiet vil gjere for oss. Idealpartiet er eit som ber oss ofre, ikkje berre ta i mot. Idealpartiet tenkjer stort, og legg ikkje tøyler på sine eller våre ambisjonar. Idealpartiet er eit som tillet seg å drøyme. Og sist, men ikkje minst, så er idealpartiet eit parti som inspirerar oss til alt dette. Idealpartiet er eit som kan klare å mønstre engasjement for å byggje, ikkje berre få. Idealpartiet er eit som får oss til å drøyme. Idealpartiet er eit som inspirerar oss til å gjere vårt beste, til å vere på vårt beste.

Dette har eg enno ikkje funne...

9 kommentarer:

  1. Problemet er vel at idealpartiet du beskriver kun passer til idealfolket, som ikke vil ha alt lesset i fanget, og som ikke nødvendigvis er så interessert i hva de kan få ut av alt mulig. Jeg passer i alle fall ikke inn i den kategorien. Gi meg enkle løsninger, ikke still krav til meg, la meg være lat og spise sjokkis til det tyter ut av øra på meg.

    Dessuten måtte vel nesten idealpartiet hatt noen slagord å komme med også? "Vi setter krav til deg"? "Vi vil at du skal gjøre halve jobben som du vil at vi skal gjøre for deg"?.

    SvarSlett
  2. Du lyt vel stifte partiet ditt sjøl, da. Veddar på at du klarar 500 signaturar, lett. Mullah eller ei.

    Det forekjem meg at partia før i tida kanskje baserte både ideologiar og valkampar sine meir på slike moment du etterlyser.

    SvarSlett
  3. Indigo: Då missa du gjerne poenget. Idealpartiet er partiet som får deg til å bry seg.

    Holten: Ja, det var dei gamle partia som inspirerte til å byggje dette landet. Den nye politikken tråkker alt ned i gjørma.

    Og nei, eg vender nok ikkje attende til politikken heilt utan vidare. Eg forlot partipolitikken i 2003, og har aldri angra.

    SvarSlett
  4. Sorry, det er for få av dykk. :P Du får lesa "On Liberty".

    SvarSlett
  5. For få av kven?
    Folk som ønskjer noko betre?

    Kanskje, men du og ditt parti vil altså at vi skal leggje frå oss slike ønskjer då? Hyggjeleg. Nok eit parti strøket frå lista ;-)

    SvarSlett
  6. Nei, eg synest Venstre har gått ganske langt i å ta på seg store samfunnsoppdrag ved dette valet, forklara kvifor ein del reformar er naudsynte og korleis dei har ein innbyrdes viktig samanheng.

    /Eg/ blir i alle fall inspirert og engasjert av å gå til kamp for å byggja kunnskapssamfunnet, skapa lavutsleppssamfunnet og å fornya velferdssamfunnet. Sjølv om eg sannsynlegvis ikkje blir det minste påverka av nokon av desse reformane, i alle fall ikkje dei førstkomande femti åra.

    SvarSlett
  7. Reformar og byggjing av omgrep som "kunnskapssamfunnet" er byråkratisk småplukk, er det ikkje?

    Venstre er diverre tilhengjar av den største faren for demokratiet, den frie marknad. Dei klarar ikkje akkurat å gjer meg entusiastisk for det.

    SvarSlett
  8. Marknaden er ein garantist for demokrati og fridom! Det finst ikkje eit demokrati utan marknad. Og det undrar meg at ein akademisk tilsett som deg trur at å byggja kunnskapssamfunnet er "byråkratisk småplukk". Eg synest både Trine Skei Grande, Odd Einar Dørum og Lars Sponheim, når dei har fått høve til det, har forklart godt kva dette handlar om. Takk og lov for at det finst politikarar med tankar om større ting enn kontantstøtte, Rimi-Hagen og Mullah Krekar.

    SvarSlett
  9. At marknaden er ein garantisk for demokrati og fridom er det reinaste vrøvlet, som berre ein Randianar kan tru på, så du bør vete betre Runar. Du er ein oppegåande ung mann, og kan nok klare å kome på like mange fine døme på at marknaden bidrar til å støtte opp om diktaturiske styrer. Kina er berre eit glimrande døme. Marknaden er diverre ikkje så velfungerande som ein skulle vone.

    Eg har vore lenge nok i "gamet" til å himle med auga kvar gong eg høyrer omgrep som kunnskapssamfunnet. Det er eit ord som høyres fint ut... men kva i helvete meinar dei eigentleg med det? Det er berre ein pynteleg idè. Ein floskel. Og ikkje noko eg sett stor tillit til når ein profesjonell løgner står og fortel meg om det. Show me the fucking money. Og slik sett er det ikkje så mykje meir spanande enn kontantstøtta eller "Det norske hus".

    Eller la meg arrestere meg sjølv, for all dets komiske verdi, det norske hus var i det minste ein visjon. Uavhengig av kor lite eg likar han (og kor lite han likar meg), så er Jagland den einaste rikspolitikaren som i dei siste 20 åra har vist seg som ein visjonær og ideolog framfor ein byråkrat på anbod. All ære vere han for det. Han får likevel ikkje mi stemme.

    SvarSlett