tysdag 11. august 2009

Importer ein politikar

Ein kan seie mykje rart om norske politikarar, men det meste er vel best å forbli usagt. Det er lett å mobbe dei, av og til litt for lett, då ein gløymer at dei alle berre er menneske. Eg tilgjev det gjerne, men verre er det med dårleg smak. Som då Jonas Gahr Støre tidlegare i dag freista å dele Arbeidarpartiets nye eldreprogram på Twitter og endte opp med å sende ei lenke til ei låt av Eminem i staden for. Han forklarte seg med at han på eit tidspunkt hadde låta som ringelåt på mobilen.

Eg var nøydd å revurdere alt eg hadde trudd om mannen der og då... eg måtte simpelthen riste det av meg.

Mi jakt på dugelege politikarar held fram, og tar meg i dag til utlandet, der ei ung jente demonstrerar talent for eksperimentering.

Om denne jenta kunne ta i bruk noko av dette engasjementet for å stremme opp norsk økonomi og miljøvern, så hadde det vore noko.

Og for dei av dykk som meiner vi ikkje burde reise heilt til Japan for å finne vår statsmenn og -kvinner, så vil eg berre demonstrere kva vi finn i vårt naboland.

Eg er ikkje så sikker på at dette hadde fungert. Vi veit jo korleis det gjekk med den norske varianten, Kristin Halvorsen.

(Biletet av St. Jonas er behørig knabba frå Arbeidarpartiet)

5 kommentarer:

  1. Og legg merke til at albumet heter Devils Night. Sier musikksmaken noe om sinnstemningen hos sentrale AP-folk i valgkampen?

    SvarSlett
  2. Bwahaha! Ja, du skal ikkje sjå vekk i frå det.

    Personleg har eg alltid mistenkt at kvinnegruppene i AP og SV reiser til blokksberg for sine møter...

    SvarSlett
  3. hihi.. Jeg liker når politikere gjør sånne søte feil. De blir så menneskelige, litt sånn klappe-på-hodet-små-og-søte.

    SvarSlett
  4. Problemet er ikke at han gjorde en feil, enig med zarepta. Det er søtt og veldig menneskelig! Tenk at vår utenriksminister også har problemer med klipp og lim på tinyurl.com.

    Det betenkelige er musikkvalget. Hvilke planer legger vår minister for verdensfreden der han sitter og hører på musikk fra Devils Night?

    SvarSlett
  5. Ja, eg har ikkje så mykje i mot St. Jonas anna enn hans yrke og musikksmak. Vi gjer alle feil.

    Og her er det som Liv-Marit påpeikar musikkvalet som er mest skremmande.

    Og det at den svenske jenta minna meg om Kristin Halvorsen. Det er heller ikkje bra.

    SvarSlett