søndag 30. august 2009

Inglorious Basterds... ein film.

Her forleden vart eg slept med for å sjå Inglorious Basterds, det nyaste storverket til Quentin Tarantino, på kino. Eg var skeptisk - som eg alltid er - til at dette skulle bli noko anna enn det sedvanlege tullballet frå Tarantino. Og det var det jo. Det er ingen løyndom at eg kan styre mi begeistring for denne amerikanske filmregissøren som har gjort karriere av å slep allskens troper og klisjear ut av 70-talets exploitationfilm. Enten det no er Rape-Revengefilmar eller meir tradisjonell blacksploitation.

Er det ein ting som er tydleg er at han baserar heile sin karriere på å ha sett mykje søppel på film. Og denne søppelen har han no valt å regurgitere ut på lerretet att i ny, fasjonabel innpakking for ein ny generasjon. Ein kan tilgje dette hjå ein ny filmskapar, men det er ikkje nok til å gjere seg fortent til den genistatusen Tarantino har fått.

Årsaka til at dette irriterar meg, er at eg anar eit sjeldan talent hjå Tarantino som er kasta vekk på billig vald og uoriginale tjuveri frå botnnivået av 70-talets filmproduksjon. Eit talent som var tydleg i hans første manuskript, True Romance. Og som stadig snikar seg inn i hans nyare filmar i form av usedvanleg god dialog, og særs dyktig filmteknikk.

Inglorious Basterds er intet unntak må eg melde. Her ser vi at han lider av same problemet som Peter Jackson - han er ute av kontroll! Ingen produsent våger å ta han i øyra, og hindre geniet å visualisere sin visjon. I Inglorious Basterds resulterar dette i ein heller langdryg film, som er eit resultatet av to heller lause og sjølvstendige historiar som vert sausa saman til ein graut framfor auga våre. Ein kan faktisk sitte og lure på kva the Inglorious Basterds, som filmen er oppkalla etter, gjer i filmen og for plottet. Var dei nødvendige for historia? Mitt svar er nesten nei, dei byr berre på humoristiske avbrekk i form av machismo, vald og tortur, frå eit elles dugeleg plot sentrert rundt ein jødisk kinoeigar i Paris. Filmen hadde hatt større hell om Tarantino hadde nytta meir tid på å utvikle denne historia for oss, for den var genuint interessant og menneskeleg.

Heilt ufatteleg er det òg at Tarantino ser ut til å ha anstrengt seg for å få plassere folk i rollene som kjende historiske personar som ikkje liknar det spor på personane dei skal spele. På eit par tidspunkt vart eg nær mållaus. Eg tillet meg sjølv å tru at dei vart hyra for sitt talent og evne til å etterlikne stemme og språkbruk meir enn noko anna, for her er Tarantino verkeleg i sitt ess i denne filmen. For alt eg ikkje likte i filmen, var dialogen og karakterane i denne filmen til dei gradar betre enn eg hadde venta. Og sjølve kremen i bolla var at han hadde fått franskmenn til å spele franskmenn og tyskarar til å spele tyskarar, noko som gjer dårlege aksentar nesten totalt fråverande - utanom der filmens historie gjer eit poeng av den dårlege aksenten. Dette gjer seg ypperleg i jødejegaren Hans Landa, som viser seg å vere eit ypperleg tilfelle av kva det Tredje Riket klarte å produsere av sofistikerte drapsmenn, der han kan skryte av å meistre fleire europeiske språk.

Der ein tradisjonelt har tydd til amerikanarar som haltar seg gjennom alle verdas språk, har Tarantino vågd å gje oss ekte vare, og ikkje berre det, han har vågd å utsette eit bortskjemt amerikansk publikum for underteksting. Kudos og tommelen opp for dette.

Alt i alt vart eg meir underhaldt av filmen enn venta, men eg satt att med ei tom kjensle då det var over. For blandinga av dei to historiene gjorde for min del at eg ikkje satt att med så mykje i det heile. Eg sitt att tryggjare i mi kjensle av at Tarantino kastar vekk eit elles formidabelt talent.

Det er trist, men i kveld vurderar eg å slenge Inglorious Bastards (Quel Maldetto Treno Blindato) frå 1977 i spelaren og synke ned i exploitationhelvetet att. Eg veit ikkje om det vil hjelpe.

18 kommentarer:

  1. Plebei! Den er då vitterleg frå 1978!

    ;-)

    SvarSlett
  2. Ikkje i følgje det eksemplaret som ligg på pulten min, proletar!

    SvarSlett
  3. Vel, den hadde premiere i Italia 8. februar 1978, så blæ-hæ til den dustekopien du har på pulten din.

    Internet's a bitch ;-)

    SvarSlett
  4. For øvrig heitte den norske VHS-utgåva Commando Bastards. Fabelaktig. I USA er den mellom anna også gjeve ut som Deadly Mission, Counterfeit Commandos, Hells Heroes, og min personlege favoritt, G.I. Bro. (courtsey reseachen eg gjorde for å bevisa at eg hadde rett)

    SvarSlett
  5. Produksjonsåret vert likefullt 77, så seier vi at det funkar.

    Research du liksom, eg attkjennar imdb når eg får det opplest for meg ;-)

    SvarSlett
  6. Nope, filmar sin "alder" er basert på året den vert sluppen. Dei fleste (vel, rett nok ikkje italienske exploitationfilmar) vert spelt inn over fleire år, ikkje eitt bestemt produksjonsår.

    Eg burde sagt faktasjekken, eg vedkjenner meg dårleg ordval der.

    SvarSlett
  7. Ved Profetens Skjegg, for noko flisespikkeri. Har du noko å seie om filmen?

    SvarSlett
  8. Vel, den er ikkje akkurat noko meisterverk - men som exploitationfilmar elles har den sin sjarm. Det interessante med den er at den kom meir enn ti år etter bølgja med liknande filmar, men likevel fann solid base som kultfilm.

    Tarantino sin har eg ikkje sett, men det er jo ikkje ein remake, den deler berre namn og noko av tematikken (ikkje at du påsto noko anna altså, berre at eg har null og niks å basere meiningar på). Men var ikkje spesielt imponert med korkje Kill Bill Vol. II eller Deathproof (Kurt Russell til trass!). Som deg er eg skeptisk, men held eit ope sinn til eg faktisk har sett den.

    SvarSlett
  9. Sitt og kosar meg med Inglorious Bastards no, absolut verdt bryderiet så langt.

    Inglorious Basterds er verdt å sjå om du likar Tarantino sine dialogar. Av tidlegare filmar ligg den kanskje nærast Jackie Brown, som er den beste av hans exploitationfilmar. Har mykje av den same modenheten, særleg i dei delane som ikkje involverar the basterds.

    SvarSlett
  10. Kos deg kjekken, sjølv er det andre sesong The Pretender for meg - no er endeleg Mr Lyle, ein av dei sjukaste karakterane i mainstream TV frå 90-talet, kome med, det har eg gledd meg til!

    SvarSlett
  11. Eg skal sjå filmen og trur det blir moro. Eg ventar meg ikkje eit meisterverk, men gjer vi nokon gong det lengre, når vi går på kino?

    Det er i alle fall lenge mellom kvar gong og Tarantino er endå sjeldnare involvert. Kjempepluss for bruken av etniske skodespelarar skal han dog ha. Slikt er knall.

    SvarSlett
  12. Nei, det er sant at vi ikkje gjer...

    SvarSlett
  13. Ja, hans bruk av skodespelarar frå landa karakterane kom i frå var flott.

    Vi forventar ikkje mykje av nyare film, men vi burde kunne forvente meir *sukk*

    SvarSlett
  14. Takke meg til Aki Kaurismäki-boksene mine. :)

    SvarSlett
  15. Når det gjelder språket i Inglourious Basterds så må jeg innrømme at den påtatte hillbilly-aksenten til Brad Pitt plaget meg litt. Jeg vet at Pitt er en bedre skuespiller enn som så, så jeg regner med at det var sånn Tarantino ville ha det, men hvorfor? En mer ekte hillbilly-aksent ville faktisk vært morsommere.

    SvarSlett
  16. Zarepta: Aki Kaurismäki er ein fin skrue.

    Marina: Det var ikkje Hillbilly-dialekt, det var Texas. Eg veit ikkje om misforståinga seier mest om deg eller Brad.

    Men så fulgte eg ikkje så mykje ned, eg var opptatt med å verte sjarmert i senk av Hans Landa.

    SvarSlett
  17. Nei, karakteren til Pitt var fra Tennessee, ikke Texas. Og vi vet han skulle være hillbilly for han hadde drevet med "moonshining" (heimebrenning). Det er en kunst de ikke kan i Texas, og dessuten snakker texanerene en slags bastardisert sørstatsdialekt som er svært forskjellig fra hillbillydialekten. Og det var definitivt hillbillydialekt Pitt snakket, om enn litt påtatt.

    SvarSlett
  18. Når eg tenkjer etter, så har du sjølvsagt heilt rett. Hugser han fortalde det i filmen... kjem verkeleg ikkje på kvar eg har det i frå at han var frå Texas. Oh well... tulledialekt var det uansett. Eg har aldri forstått verken Texanarar eller Hillbillies.

    SvarSlett