torsdag 20. august 2009

Medan vi ventar på V

For ei stund sidan hadde eg gleden av å diskutere originale V med mini-seriens produsent, forfattar og regissør Kenny Johnson. Han var då i ferd med å gje ut sin roman V2, og var godt i gang med å få solgt inn konseptet som ein ny mini-serie som plukker opp tråden der den originale serien slutta (dvs. før V - The Final Battle). Sidan den tid har han blitt distrahert av ambisjonar av ein kinofilm basert på originalen som kan leie opp til den nye mini-serien, og i mellom tid har andre kreftar komen på bana. Dataspelprodusenten og all-round tullegut, Jace Hall, har, i lag med Warner Bros og tv-kanalen ABC, fått stabla på beina ein ny tv-serie basert på originale V. Full av kjende andlet frå dei siste åras tv-suksesser. Kva effekt dette har for Kenny sin serie, kan eg ikkje seie, men eg må innrømme at det lille eg har fått sett av serien hittil har gjett meirsmak. Og det same seier dei som nyleg fekk sett den ferdige pilotepisoden.

Eg sitt her og tar og kjenner på motvilje mot å forklare kvifor du burde sjå originale V, og kvifor det er ein av verdas beste fjernsynsseriar. Ikkje minst fordi eg ikkje vil øydeleggje for dei som aldri har sett det før, og som vil få sitt første møte med forteljinga i den komande serien. Så vi tar heller og serverar ein smakebit på den nye serien;

Produsent Jace Hall har diverre ikkje høve til å kommentere saka utfyllande, då all pressekontakt må gå gjennom WB og ABC. Han virkar likevel veldig gira og trygg på prosjektet, men på den andre sida så er han jo alltid gira.

6 kommentarer:

  1. Ah, jeg husker godt den skrekkblandede fryden da jeg så denne serien- jeg leide den på video, en videokasset hadde 2 episoder tror jeg. Og så måtte jeg velge mellom godteri og video hver lørdag, så jeg hadde annenhver, men V-lørdagen var egentlig best:) Og så varte den leeenge.

    Hvordan er det å se dem om i gjen i dag, tror du? Redd for å bli skuffet, og gå i nostalgi-fellen.

    SvarSlett
  2. Heilt kurant ved attsyn. Eg likar den framleis veldig godt.

    The Final Battle, som Kenny forlot produksjonen av, slit eg litt meir med. Eg likar tillegget av Michael Ironside og mykje gøyal action, men plottet med the star child og deus ex machinae avslutting held ikkje mål.

    Og jo mindre vi seier om TV-serien som kom etterpå jo betre.

    Men originalen? Visst faen. Framleis top notch!

    SvarSlett
  3. Herlig! Så serien da den gikk på TV, og den merket meg for livet - og vaksinerte meg mot David Icke. Dette er verdt å glede seg til!

    SvarSlett
  4. Vaksiner?! Pøh! Serien prover at Icke har rett!

    SvarSlett
  5. Dette så fordømt bra ut. Hvorfor anbefalte du ikke V da jeg var på utkikk etter nye serier å få med meg?

    Hva av det er verdt å få med seg? Så på Wikipedia at det har kommet diverse spinoffs eller hva en nå skal kalle det.

    SvarSlett
  6. Fordi V er ikkje ein ny serie? Eller no er det det, men det var ikkje det :-P

    V the original Mini-Series
    V: The Final Battle

    Det er det du treng å sjå. The Final Battle har sine manglar, men den har òg Michael Ironside. Slutten er grusomm, men elles kan du klare å svelge det meste.

    TV-serien som fulgte The Final Battle er ikkje å anbefale, med mindre du likar å sjå menn i veldig, veldig, veldig trange bukser luske rundt og sjå intense ut.

    SvarSlett