tysdag 4. august 2009

Om å la seg rive med

Etter lang periode med styggever stakk sola fram. Etter ei veke med tung forkjøling var eg på beina att. To faktorar som bidrog til dagens hending. At då eg satt meg ned for å skrive, og ei melding frå ei jente i meinigheita tikka inn med invitasjon om iskrem, så lot eg meg riv med. Ut bar det. Og is vart spist.

Eg må ærleg innrømme at dette skal helst ikkje skje. Ein mulla skal vere viljesterk nok til å halde seg inne med sine skriveri.

Men eg vil likevel be om forståing for at etter så mykje innetid, var det berre rett og rimeleg at mullaen måtte ut på gata, ete is og drøfte politikk.

Så om dagen har ein fatwa å by på, så er det nok følgjande:
Sol er bra, og is er halal - spørsmål?

Så får de heller vente til i morgon med meir fascinerande tankar frå min skrivepult.

3 kommentarer:

  1. La det ikke være noen tvil:

    Her er min Fatwa: Is ER halal. Alltid.

    SvarSlett
  2. Så du lar deg liksom friste til is med jenter bare når det har vært to uker dårlig vær og forkjølelse?
    Hah!!

    Is er absolutt halal - alltid. Men etter en smule hjerteinfarkt har jeg fått beskjed om å ligge unna "fjøsfett". Og det finnes i is - og i ost! Jo bedre ost, jo høyere fettprosent! Snufs :-C

    Men jeg kompenserer med litt ekstra rødvin. Er det halal?

    SvarSlett
  3. Liv-Marit: Heilt samd, is er alltid halal. Koranen lemnar ingen tvil, og eg er sikker på at ein finn tilfelle i hadith av at Profeten (fvmh) spiste massevis av is.

    Svein: Det der er årsaka til at eg ikkje snakkar med legemenn. Men det er halal å ta vare på helsa, og seier doktoren at du skal ha vin, så er det halal. Det er jo logisk, ja?

    Elles føler eg at det var rett av meg å gje etter for denne pikens krav om is. Uanvhengig kor kortvarig skitveret var.

    SvarSlett