fredag 14. august 2009

Regjeringsalternativa og høgare utdanning

Eg har alltid vurdert parlamentariske alternativ utifrå kva dei gjer for forsking og høgare utdanning. Det har no seg slik at olja på eit eller anna tidspunkt går tom eller vert verdilaus, og då må Noreg satse på andre verdiar, som kunnskap, for å oppretthalde sin rikdom. Og tru det eller ei, eg likar at Noreg er eit rikt land.

No har høgare utdanning, som dei fleste andre områder av offentleg sektor, dei siste åra vore under åtak av liberalistiske reformer. Ivrige statsråder frå høgre- og venstresida har grubla opp nye måter å modernisere våre universitet og høgskuler ved å basere dei på forelda og mislukka modellar frå utlandet. Dette er kanskje ikkje verdas luraste idè, men så har sjeldan dei ansvarlege statsrådane vore av det meir lure slaget heller.

Så kva kan vi rekne med å få av dei noverande "regjeringsalternativa" som har utkrystalisert seg i går? Vel, la oss no ta dei nærare i ettersyn. Frå høgre til venstre.

Ytterst mot høgre finn vi ei koalisjonsregjering beståande av FrP og Høgre, og kva enn parti som vel å støtte opp om dei på tidspunktet. FrP vil vere det tonegjevande partiet her, det har pressa bestemt i samråd med Siv Jensen. Så då vert det slik. FrP, som dei fleste veit, er eit parti som viser tendenser til allergi mot vitskap og generell kunnskap. Det er partiet for folk flest seier dei, ikkje for ekspertane og akademikarane. Ikkje for dei som har lest ei bok. For all del, det er kanskje positivt at dei fleste FrParar aldri sett seg ned for å lese, med tanke på at den einaste romanen partileiinga har i bokhylla er Ayn Rands "Atlas Shrugged". Ei bok er best ulest.

Men reint praktisk då, kva vil dei gjere for høgare utdanning? Vel, FrP har lova oss å leggje ned Statens Lånekasse i løpet av sitt første år. Lånekassa sitt tilbod skal erstattast av lån i konkurrerande private bankar... ja, flott, for private bankar har jo verkeleg folks fulle tillit etter den siste finanskrisa dei skapte. Takk, Siv. Eg trur vi lar vere å gje ein stemme til Høgre og FrP.

Så har vi sentrumsregjeringa då. Gløymd den? Ja, dei er har ikkje så mykje futt i seg dei folka der. Dette er eit alternativ som stort sett består av KrF... og kven enn som føler seg frelst eller inspirert til å støtte opp om dei. Bondevik III nokon? Jo, dei har jo hatt stort hell med å samle troppane før, men kva gjorde dei så for høgare utdanning.

La oss halde dette kort: Policyen til sentrumsregjeringa har vore å sette statsråder utan fullført folkeskule som ansvarleg for forsking og høgare utdanning.

Kan nokon fortelje meg kva pokker dei tenkjer med?!

Og så har vi vår noverande regjering då, den Raudgrøne regjeringa, som har så inderleg lyst til å få lov til å leike vidare? Ein skulle jo tru at ei regjering stemt inn av folk med utdanning visste kva dei gjorde på. Ikkje faen! Dei har etterlatt seg ei utdannings og forskingssektor i krise. Fakultet som går konkurs pga. statlege nedskjæringar. Dette skal gå bra, meinar dei, for dette er aktivitetar som best finansierast med eksterne midlar. Ja, fortel meg no kvar ein skal skaffe eksterne midlar for undervising i filosofi eller samanliknande politikk. Eg veit det er meir avansert enn som så, her er det fleire faktorar som verker inn, men det endrar ikkje det faktum at den noverande regjeringa ikkje har gjort jobben sin og ivaretatt våre universitet og høgskuler.

Dei har kjøpt og betalt ein liberalistisk, feilslått, visjon for forsking og utdanning i dette landet. Og det er skuffande... særs skuffande.

Og så er det dei som vil seie at ein treng jo ikkje å stemme parlamentarisk, ein kan stemme på ei endring av systemet. Ja, for lengre til venstre så har vi jo parti som Raudt, som stort berre består av akademikarar med proletariske nykker. Ja, fint det... men når du tilhøyrer ein politisk tradisjon som har for vane å skyte intellektuelle eller arbeide dei i hel i dødsmarker, så får du ikkje vere med i denne oppramsinga. Ein annan dag.

Kva skal ein stakkars mulla stemme på i Stortingsvalet 2009? Svaret... kjem kanskje seinare.

9 kommentarer:

  1. Pokker, der kom du før meg ;) Treffende oppsummering, det er en lose-lose-lose-situasjon. Det er nesten så man får lyst til å bli politiker selv, når ingen andre klarer biffen.

    SvarSlett
  2. http://www.dagsavisen.no/innenriks/article432306.ece

    Man kan nok bli lett kvalm av alternativene når man tilhører sektoren. Og bli fristet til å sitere et gammelt slagord:

    Ikke stem. Det bare oppmuntrer dem.

    SvarSlett
  3. Kamikaze: Vi har prøvd å vere politikar... det gav ikkje meirsmak. Heile spelet er feil.

    Asbjørn:
    Som eg skulle ha sagt det sjølv, og kjem til å seie i eit av dei komande innleggja.

    Og berre for å hente frå artikkelen du lenka til:
    "Kyrre Lekve (Sv), politisk rådgiver for forsknings- og høyere utdanningsminister Tora Aasland, mener det er universitetene som må svare for hvorfor de kutter i seminarundervisning og forskning."

    *kremte*

    Kjære Kyrre Lekve, om du nokon gong er i nærleiken av meg, så er eg redd for at eg kjem til å verte valdeleg. Ved Profetens skjegg dette er noko av det mest sinssvake eg har høyrd!

    SvarSlett
  4. Dessverre veldig treffende.

    Jeg må si at jeg savner et alternativt parti. Jeg kunne veldig gjerne tenke meg noe som KRF - bare med en rasjonell/humanistisk forankring i steden for den kristne.

    Altså en sentrumsorientert og ganske "nøytral" økonomisk polikk, men med en kjernpolitikk som går ut på å fremme kunnskap og rasjonalitet.

    SvarSlett
  5. Det Store Norske Mufti-partiet, med fanesaka om å gjere Mad Mullah Hastur til Mufti av Noreg? Det er det du etterlys, sant? *nikke*

    SvarSlett
  6. Jeg signerer Kamikaze her. Lose-lose-lose-situasjon.

    Dette er litt som min planlagte oppsummering av hvilket parti som er best på psykiatri. Svaret er: INGEN! Yay-yay-stem i vei!

    SvarSlett
  7. Det artige med manglande gode alternativ innan psykiskiatrisk helsepolitikk er jo at det er så deprimerande at dette valet sikkert skaper nye pasientar!

    Bada-bom-klæsj!

    SvarSlett
  8. Du har gløymt koalisjonen av V, H og Krf! Sist dei var i regjering sette dei høgare utdanning på dagsorden for alvor, og fekk m.a. fullfinansiert Kvalitetsreformen. Venstre har dessutan ein av dei mest offensive plattformane for forskning og høgare utdanning og Dørum ville gjort seg godt i Aasland si rolle: http://www.venstre.no/artikkel/16220/ og http://universitas.no/leserbrev/53488/fire-tapte-ar-for-hoyere-utdanning/

    SvarSlett
  9. Eg trur eg nemnte sentrumsregjeringa gitt...

    Dei har veeeerkeleg imponert med sitt val av ministre.

    Eg har vore lenge nok i live til at eg ikkje kjøper valflesk. Det er ikkje halal.

    SvarSlett