måndag 10. august 2009

Stem på meg i 2009!

Eg har lova valkampblogg, og det skal folket få. Eit av dei spørsmåla som eg har fått høyre ein del gonger, er ikkje eit om dei ulike partia, men om mullaen sjølv. Kvifor er det ikkje lenger mogleg å stemme på mullaen? Det er tydlegvis eit stor sakn å stemme på mullaen, noko som ikkje har vore mogleg sidan kommunevalet i 2003.

Eg kan difor med glede annonsere at de i heile landet kan stemme på meg i 2009!

Korleis får eg det til?
Enkelt. Det er to val i år. Stortingsvalet er gjerne ei tapt sak, men vi har òg eit kyrkjeval. Og folk over heile landet, mottar i dag valkort derifrå, uavhengig om dei har meldt seg ut eller ikkje. Til og med moskeen her har fått si forsending... så eg tenkte: kvifor ikkje?

Det rapporterast at du får valkortet uavhengig av at du har meldt deg inn/ut eller ikkje, dei ønskjer tydlegvis at alle i landet skal få delta i deira demokrati. Og kven er eg til å sette ein stoggar for det? Og sidan dei ikkje tenkjer så mykje å kven som er med eller ikkje, så tenkjer dei nok ikkje så mykje på kvar folk bur heller. Så skriv meg inn, og stem på meg i ditt lokale kyrkjeval.

Om du lurar på mine fanesaker, så kan eg gje eit par godbiter. Mad Mullah Hastur ønskjer:
* Ein minaret i alle storbykyrkjer (det kan gjerne kombinerast med klokketårn)
* Fleire pukkelryggar som klokkarar
* Eit total forbod mot homoekteskap og abort i kyrkja, dette høyrer strengt tatt heime hjå byfogden og legen. Ditt val, kvar du gjer kva, sjølvsagt.
* Meir paljettar på prestekjolane
* Lengre skjegg på prestar og kyrkjetenarar
* At hekseprosessane vert augneblinkeleg attinnført, vi ønskjer Hanne Herland og Nina Karin Monsen velkomen til grillfest.

Utover det har eg forstått at det er poppis å meine noko om skiljet mellom kyrkje og stat. Eg foreslår sjølvsagt eitt års seperasjon først, og at ein sett borna først. Så... kva vil du at eg skal gjere i ditt menighetsråd/bisperåd? Give it to me!

18 kommentarer:

  1. Kapteinen har no tidlegare gjort sitt for å øke gjennomsnitt skjegglengde hos kyrkjetenarar.

    SvarSlett
  2. Det er vi klar over, og det var såpass vellukka at vi vil vidareutvikle konseptet.

    SvarSlett
  3. Du har min stemme. Endelig noen som kjemper for flere pukkelrygger og færre aborter på alteret.

    SvarSlett
  4. Jeg støtter alle dine fanesaker! Skulle ønske jeg fikk stemme på deg, men det kan se ut til at jeg er den eneste i landet som faktisk har lykkes i å melde meg ut av statskirken, noe brev har jeg i allefall ikke fått... Og så nå som jeg for en gangs skyld hadde lyst å være med å leke.

    Håper alle stemmeberettigede stemmer på deg, jeg vil også ha paljetter og pukkelrygger! Men hva med å slenge inn noen dverger også? Alle liker dverger, særlig på etthjulssykler mens de sjonglerer... Det alene ville fått meg tilbake i statskirken!

    Ellers kan de kanskje vyurdere å trylle litt mer der også, det var Jesus god på og jeg vil gjerne ha mer av det. Behold a carrot! And all who saw it knew that it was so, for it was orange, with a green top.

    SvarSlett
  5. Flere gode saker her, ja. Og mer åpen om hva du står for enn mange av kandidatene på valgkortene.

    Da sees vi på Langhus hver første torsdag i måneden.

    SvarSlett
  6. Arnfinn: Nettopp... alternativt at pukkelrygger kan vaske alteret etter abortar.

    Lord Buckethead: Eg vil sjølvsagt foreslå at dverger leiar ein kvar prosesjon gjennom kyrkjer, på eitthjulssykkel. Men ikkje sjonglering, det er berre kitscy... dei skal svinge på røykelse.

    Bjørn Are: Godt å høyre! Eg ser på meg sjølv som ein folkets kandidat!

    SvarSlett
  7. Mullah i menighetsrådet!
    Bra tittel. Men hvor var du da vi spredte med å få folk på lista i mars og april?

    SvarSlett
  8. "Da vi spredte..."!? Hva er dette? Sabotasje? Det skal selvfølgelig være "da vi strevde".

    SvarSlett
  9. Eg var her sjølvsagt, og venta på telefonen som aldri kom. Men det er ingenting å frykte, berre skriv meg inn! Over heile landet! Eg er stormufti før du veit ordet av det :-D

    SvarSlett
  10. Stormufti, du liksom! Vi får ta en ting av gangen! Og jeg synes fortsatt den tittelen har en noe belastet klang.
    Men som du har gitt begrepet mullah nytt innhold, så hvorfor ikke stormufti?

    SvarSlett
  11. Hva er galt med Ayatollah?

    Og ordbekreftelsen er plized.

    SvarSlett
  12. Eg tykkjer vel strengt tatt at ayatollah er liiiiitt meir belasta enn stormufti.

    Men vi kan ta det opp til avstemming når eg først har fått kontrollen over den norske statskyrkja. Med dykkar hjelp.

    Her gjeld det å verte valt inn i flest mogleg valkrinsar ;-D

    SvarSlett
  13. For å få kontrollen over statskirken må du vel ikke bare bli valgt inn i alle menighetsråd, men få med deg flertallet. Og i et av de menighetsrådene havner trolig jeg.
    Så hva har du å tilby?

    SvarSlett
  14. Tilby?! Skal du ha bestikkelser no?!

    Du får din løn i himmelriket!

    SvarSlett
  15. Snille gutter kommer til himmelen, og slemme gutter kan komme så langt de vil!
    Så altså: Hva tilbyr du?

    SvarSlett
  16. You naughty boy,
    greit; du kan få di eiga meinighet som du kan styre som din personlege sekt =)

    SvarSlett
  17. Jeg er redd jeg er en av de få som ikke har fått valgkort til kirkevalget, så dessverre kan jeg ikke stemme på deg. Vit dog at jeg alltid velger deg i mine tanker ;)

    SvarSlett
  18. Du er eit førebilete for alle landets hedningar, Kristine ;-)

    SvarSlett