måndag 31. august 2009

Vi anbefalar ein Ramadanblogg

For dykk vantru kjøtarar der ute som lev i ein boble kan eg informere om at det er Ramadan. Dette resulterar i relativt lett irriterte og søvnige rettruande som vandrar gatelangs og ventar på solnedgang.

Det er eit vidunderleg syn som har forvirra og forundra sosialantropologar på all verdas t-baner i uminnelege tider.

Det er dog dei rettruande som faktisk presterar å gjere noko i desse tider, og all ære til dei for det. Blant dei er Valgerd - eg berre antar det er vår tidlegare kulturministar som har konvertert - som bloggar dagleg om hennar Ramadan, og kva ho meiner tematiserar denne viktigaste av månadar i den islamske kalendar. Eg kan ikkje anna enn på det varmaste anbefale alle å leggje denne bloggen til sin RSS-lesar eller kva enn de nyttar for å halde oversikt over landets bloggar. Norske, kvinnelege konvertittar treng å verte høyrd meir enn dei hittil har vore, og då meiner eg særleg dei som har konvertert uavhengig av evt. ekteskap til rettruande. Og Valgerd er ein av dei. I hennar Ramadanblogg kan du lese om førebuingane til det store kveldsmåltidet, og til dei personlege eigenskapane ho ønskjer å arbeide med personleg frå dag til dag. Eit flott innblikk i den verkelege Jihad som ein kvar muslim utkjempar i seg sjølv i det daglege.

Det er dei som har spurd meg korleis mullaen forheld seg til Ramadan, og korleis denne månaden utartar seg for underskrivne. Eg tykkjer ikkje eg har så mykje interessant å fortelje. Min Ramadanhistorikk er særs konvensjonell. Eg kunne fortald om korleis første gong eg skulle feire Ramadan i Tunisia vart forgifta av min eigen far, og Valgerd sine forteljingar er mykje meir interessante.

Ramadan Kareem

3 kommentarer:

  1. Jeg har litt spørrende kommentert noen av VAlgerds tanker her .

    SvarSlett
  2. Det er notert. Og vil bli kommentert. Du bør kanskje gjere Valgerd merksam på det?

    SvarSlett
  3. Just precis, gjorde henne oppmerksom før jeg gjorde deg.

    SvarSlett