tysdag 18. august 2009

Vi kjem til å tape!!!

Vi har fått svaret! Forskinga er på bordet! Det er ikkje lenger tvil! Vi kjem til å tape!

Når dagen kjem, og dei levande døde sprer seg i gatane på jakt etter ferske hjerner, har vi små sjanser til å overleve med dei beredskapsplanane vi har. Det er BBC som melder om ei forskargruppe i Canada som har studert zombieaktivitetar og kva som kan gjerast for å takle eit utbrot. Dei meinar den einaste sjansen er å slå til hardt, brutalt og ofte, og ikkje sløse vekk tid på å prøve å finne ein kur eller fange zombier. Her er det berre å utnytte deira ibuande treigheit og hjernedødhet som tel. Professor Robert Smith? (ja, spørsmålsteiknet skal vere der, han la det til for å skilje seg frå vokalisten i the Cure), er blant dei som understrekar at dei levande døde må handterast så snart som råd, om ikkje vil vi alle vere fortapt. Vi har små sjansar i følgje desse forskarane til i det heile tatt overleve, så her er det ikkje rom til nøling. Handling må til for å bekjempe dei levande døde.

Høyr pestekspert Neil Ferguson forklare faren ved zombiar, vampyrar og varulvar og deira slektskap til andre epidemiar:
.
Det er openbart at svineinfluensaen ikkje har så mykje å stille opp med når det kjem til ein slik pest spreidd ved bitt.

Ein kan jo naturlegvis spørre seg om korleis noko slikt kan hende. Korleis oppstår ein slik pest? Det er openbart ein kunstig produsert pest vi har med å gjere, eit resultat av besynderlege biologiske og medisinske eksperiment... berre ei gruppe kan tene på det. Pandaene. Det er Pandamonium... nok ein gong. Det er skummelt, men hugs for all del å lese artikkelen hjå BBC.

7 kommentarer:

  1. Fram med stake, kvitlauk og kors!!!


    Thomas Von Grunge.

    SvarSlett
  2. Those bastard Pandas!

    Vi er bevæpnet! Hit kan de GJERNE komme!

    SvarSlett
  3. Og jeg som ikke trodde på zombier!

    SvarSlett
  4. Eg skuldar på skulevesenet. Om berre zombieoverlevingsteknikk stod på pensum i skulen, ville vi alle vere betre rusta.

    Det mest effektive må vere at kvar enkelt veit korleis ein skal oppføre seg om zombiar bankar på døra. Berre slik kan vi sørgje for at smitta ikkje brer seg.

    Pensumet for gymteori har vore modent for ein oppspriting lenge. Få inn zombieoverleving her og vi har tatt eit langt steg.

    SvarSlett
  5. von søppelmusikk: Eg trur ikkje det hjelp på zombiar

    Nadia: Godt å høyre! Her gjeld det å vere førebudd!

    Zarepta: HÆ?! Kvar har du gøymd deg?! I ei hole!? Korleis kan du ikkje ha fått med deg at zombiar er ekte!

    Bad Mynock: Heilt samd! Få Max Brooks på pensum! Så tidleg som mogleg!

    SvarSlett
  6. Og så må det selvfølgelig inn i lærerutdanningen!

    SvarSlett
  7. Sjølvsagt, Max Brooks bør lesast på lærarhøgskulen og i forsvaret!

    SvarSlett