søndag 23. august 2009

Vi minnar om piratar!

Om du ikkje har fått det med deg enno, så er det altså piratkveld førstkomande tysdag på Absalong. Og du bør vere der. Du kan lese alt du treng om arrangementet her, så eg treng ikkje fortelje deg anna enn at det vert kruttrøyk og moro for alle penga. Faktisk meir enn det du betalar for, sidan inngangsbilletten er ringe 50 kroner, og du får foredrag, piratmusikk og ekte pirattalentkonkurranse med deilige, deilige premier.

Det er simpelthen ikkje ord for kor moro dette vert... men berre på ein betinging: Du må kome! Det vert ikkje moro utan deg, så spenn på deg støvlene og pell deg til Klar Bar, på Zachen i Bergen, førstkomande tysdag klokka 7. Du kjem ikkje til å angre eit sekund!

Faktisk vil eg anbefale deg å varme opp med ein gong, i beste piratstil så kan du laste ned, gratis, musikken frå dei fire første Monkey Island spela på denne sida her. Du kan til og med late som om det er ulovet for å føle deg meir pirataktig. Mullaen sitt og vugger til Monkey Island-musikk i denne stund, og føler seg veldig klar.

Og om ikkje musikk sett deg i stemning, kva med ein film? Den beste piratfilmen nokon sinne: Pirates, av Roman Polanski, med Walther Mathau som kaptein Bartholomew Red. Det vert ikkje så mykje betre enn det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar