tysdag 25. august 2009

Vil du ha ein Playstation 3?

Du vil ikkje tru det, men eg inngår i eit økumenisk fellesskap av moskear og kyrkjer verda over, og blant mine systerkyrkjer er Landover Baptist Church, ei veldig aktiv og klartenkt frikyrkje i statane. Om vi ikkje deler alle teologiske standpunkt, så må eg seie at deira klarsyn og moralske rettskaffenhet kan inspirere sjølv ein mulla i sitt daglege virke.

Ein av deira fine rekrutteringskampanjer er retta mot speleglade barn og unge, ei gruppe mullaen sjølv tilhøyrde før han fekk mykje skjegg og vart gamal og skalla, ta i mot Jesus og få ein Playstation 3. Med den populære spelmaskina følgjer fleire ombygde spel med ein god og kristen bodskap.

Så om du er i tvil, og du veit at Islam ikkje er for deg, og likeeins veit at Playstation 3 er tingen du vil ha, så kan eg ikkje anna enn å anbefale deg å opne deg sjølv for Jesus og finne fram kredittkortet til foreldra dine.

Eg vendte meg heller mot Islam, så eg har ein xbox 360 under senga heime. Så eg vil nok ikkje ta i mot dette tilbodet.

16 kommentarer:

  1. Næh. Den jeg har fungerer greit nok. Hvis nå bare jeg slapp til inniblant også...

    God pirataften – glemte dessverre å blogge det i går!

    SvarSlett
  2. Alle vet jo at Gud bruker WII!!

    SvarSlett
  3. Skulle eigentleg sei noko om at vi godt veit kven som eigentleg står bak xboxen, men Svein fekk meg på andre tankar. Det er sjølvsagt WII som er djevelens verk. Det kan vel ikkje vere tvil.

    SvarSlett
  4. Asbjørn: Du har ikkje vurdert å konvertere til xbox 360 då? Ikkje at eg skal drive å misjonere, men med to religionar i huset så vert det meir Gud på alle.

    Svein: Eg trudde ikkje du var frikyrkjeleg...

    Bad Mynock: Trur eg må seie meg einig med deg her, sjølv om du visar teikn til å vere fanboy om du skal sverte min religion ;-P

    SvarSlett
  5. Hjelper ikke å konvertere til M$ når det bare finnes én TV i huset...

    SvarSlett
  6. Egentlig er jeg nok ikke frikirkelig, men Nintendo 64 fan. Det er vel nærmest gammeltestamentlig, eller kanskje "gammeljords kreasjonistisk", hvis det er noe som heter det.
    Jeg hadde - til vår sønns store ergrelse - en gang alle rekordene på 1080! (Ja da, det begynner å bli noen år siden!)

    SvarSlett
  7. Asbjørn: Konverter til Islam, få fjernsyn på kjøpet om du svarar innan 14 dagar. Vi sleng på Al Jazeera gratis.

    Svein: Du er ein nerd, visste du det? ;-)

    SvarSlett
  8. Åh mullah!
    *lykkelig snufs*
    det har ingen kalt meg før!

    SvarSlett
  9. Men nerd eller ikkje, du bør få djevelens leiketøy (Wii) ut av huset. Skaff deg ein rettruande xbox 360 eller PS3.

    SvarSlett
  10. Nå tilhører jeg tross alt statskirken, så jeg må ikke høre på mullaher! (Tror jeg...?)

    SvarSlett
  11. "Navnet Wii uttales likt som det engelske ordet «we», for å symbolisere konsollens inkluderende natur. Nintendo ønsker med Wii å bryte ned muren mellom spillere og ikke-spillere og med dette skape en omvelting i videospillindustrien."
    Finner jeg på Wikipedia.
    Kan det bli mer eklektisk og folkekirkelig enn det, mullah?

    SvarSlett
  12. Sjølvsagt skal du høyre på mullaer, islam er tross alt ein ny og meir avansert utgåve av kristendommen.

    Og det virkar som om du treng det, sidan du lar deg forlede av djevelen. Han er ein prins av løgner, og han har infisert wikipedia. Vik frå Satan og bli frelst!

    SvarSlett
  13. Nuff said!
    http://www.wiihaveaproblem.com/image.php?external_image=http://www.wiihaveaproblem.com/images/p376/01.jpg

    SvarSlett
  14. http://www.wiihaveaproblem.com/image.php?external_image=http://www.wiihaveaproblem.com/images/p376/01.jpg
    Prøver igjen;-O

    SvarSlett
  15. Går ikke. Prøver å få med siste del av linken her:
    es/p376/01.jpg

    SvarSlett
  16. Ser du?! Wii er djevelens verk.

    Om du har problem med lange lenker, så bruk ein html-tag. Kommentarsystemet støttar det =)

    SvarSlett