
Den andre boka du ser på biletet er Faulkner's Millinery and Miscellanea, ei bok om ulike varer og tenestar i victorianske London, samt eit par steampunkgodbitar. Alt saman med forventa pris. Den er delvis illustrert av den meget talentfulle Katrine Rasmussen, og er i følgje innsida basert på originalt arbeid av mellom anna underteikna. Eg tok ikkje det så alvorleg før eg faktisk såg skikkeleg på innhaldet, og fann fleire artige gjenstander eg designa for snart fem år sidan då Victoriana var eigd og utvikla av heilt andre menneske. Heilsider dedikert til reklamer for min lommerike eventyrfrakk som gjev ekstra demping jo meir gjenstander du ber på, eller eit automatisk roterande hattestativ for dei meir velståande husstandar er berre noko av det ein finn der eg i mi tid fantaserte om. Ekstra moro er dei nye forfattarane som berre har klistra på små memoer med kommentarar til designet, og som understrekar at dette er i litt overkant eksentrisk. Andre godsaker er trollmannstaven med ein straumførande knott på enden, for gentlemannen som har alt, og heller brutale granatar. Artig attsyn med ting eg knota ned på papira i somarsola for mange år sidan. Så... spring, kjøp og leik!
Trollmannens stav har ein knott på enden, knott på enden, knott på enden.
SvarSlettDet er jo eit velkjend fenomen! Ingen trollmansstav utan knott på enden!
SvarSlettEplesaft suse, du gjør det du kan for å dra meg tilbake til rollespillshelvetet.
SvarSlettEh... ja? Er ikkje det jobben min, kanskje?
SvarSlett