måndag 14. september 2009

Den store valdagen

Landet rundt så sitt folk nagla til skjermen og klamrar seg til bord og stoler medan tala ramlar inn. Oj oj, så spanande det er. Eg var innom eit stort valvake med over 500 menneske, det stod kø utanfor bygget, og alles auger var festa på skjermen der NRK kunne vise andre menneske, på andre valvake snakke om prognoser og trekke tal ut av rumpe og luft. Dei betalte penger for å vere der.

Etterkvart vart lyden av dei murrande masser overdøyvande og eg og mitt selskap måtte slå retrett. Ut i mørkret og heim til eigne tv-skjermer. Og no har media bestemt seg; framleis raudgrøn regjering, FrP gjer brakval og Sponheim har gått av.

Sett slikt... får eg ikkje Siv Jensen som førarinne likevel? Det var då som pokker... eg som gleda meg slikt til å måtte flykte frå landet. Oh well, mykje rart kan skje i løpet av natta. Eg går i alle fall og legg meg, dette var like keisamt som førre gong.

7 kommentarer:

  1. Det er fordi du ikkje kom her til oss. Her er det full fest og moro, vettu :-p

    SvarSlett
  2. Nokre av oss har arbeid å gå til i morgon.

    SvarSlett
  3. Enkelte av oss har både arbeid å gå til, og syns valvake på fjernsyn er noko av det kjedeligsta som finst. Eg las ei grei nok bok, sov godt og fekk mandatfordelinga på radioen i dag tidleg. Når eg i tillegg slepp å flykta frå landet, for ikkje så snakke om all den dyre terapien, så er dette ein god dag.

    SvarSlett
  4. Tja... eg treng terapi etter å ha blitt overhalt av Jensemann og Tante Kristin...

    ... strengt tatt treng eg terapi etter å ha opplevd representativt demokrati i aksjon. Det er skummelt er det!

    SvarSlett
  5. Var det valg? Nå igjen?

    Jeg blogget smårare terapeuter og rettet artikkel til den store skjermen ble ledig for noen runder Call of Duty.

    All terapi jeg trengte for å se hverdagen i hvitøyet. Som man sier i Grått: Det vil helst gå godt. Eller ikke. In the long run, we're all dead.

    SvarSlett
  6. Kva CoD du spelar (fokus på det viktige)?

    Eg vurderar å plukke opp eitt av dei til pc eller boxen. Gjorde meg nyleg ferdig med Bad Company.

    SvarSlett
  7. CoD4: Modern Warfare.

    Arcade mode etter at jeg spilte meg gjennom. Ren nostalgi.

    SvarSlett