tysdag 1. september 2009

Det andre jubileumet!

I ein rus av Wagner er det lett å gløyme alt anna som skjer i verda, men i dag skal vi jo òg feire rund dag for den libyske revolusjonen, då den store leiar Muammar Abu Minyar al-Gaddafi, kom til makta. Det var 1. september 1969, og den då 27 år gamle obersten leia ei gruppe av sine medoffiserar i eit kupp mot Kong Idris, som på tidspunktet var i Tyrkia av helsemessige årsaker.

Gadaffi, i vesten betre kjend som Tom Jones, har i dei 40 påfølgjande åra klart å terge på seg det som er av statsmakter med sponsing av terrorisme, fargerik retorikk og veldig eigenarta diktatoriske politikk.

Det er nok av dei som kan fortelje deg om kva han har gjort gale, eller kor god eller fælt det er å bu under han. Felles bekjente av oss karakteriserar gjerne Gadaffi som eksentrisk, eller med deira eigne ord "CRAZY!", men det er vel ikkje nødvendigvis noko negativt? Han er kanskje den einaste diktatoren eg veit om, eller statsleiaren generelt sett når eg tenkjer meg om, som meiner det godt. Som er meir opptatt av å gjere det rette, enn å fylle si eiga lomme eller tene den flyktige opinionen. Så får det heller vere slik at han tar feil oftare enn han har rett.

Ein gong på 80-talet fann han ut at dette med politiske fangar var ein dårleg idè, og stridde i mot dei "demokratiske" prinsippa han ville byggje sin stat på. Gadaffi er dog ikkje ein mann for veike amnestiar eller deklarasjonar, han er ein handlingens mann. Så han rekvirerte ein bulldozer og køyrde gjennom muret på eit av landets største fengsel og erklærte: "Ikkje gjer det att, de er fri!"

Gadaffi er ein islamist av det litt besynderlege slaget. Invitert til Sudan for å tale til folket i Khartoum der det Muslimske Brorskap har styrt etter eit militærkupp valte han å bytte tala til å prise alt det gode det Sudanesiske folket hadde prestert, men òg å atvare mot den religiøse fundamentalismen som kunne luske i ein kvar ein skugge. Han vart ikkje invitert attende.

Få hugsar i dag då Taliban kom til makta i Afghanistan, og korleis ein i heile vesten applauderte over at det endeleg var fred og nokre vetuge menneske kom til makta. Så skulle dei heller få vere fundamentalistar og undertrykke kvinner og sprenge Buddha-statuar, dei var i det minste ikkje kommunistar. Gadaffi derimot, han kjøpt ikkje den, han gjekk straks ut og erklærte Taliban for å stå i ledtog med Satan. Då Satan lurte mennesket til å ete av kunnskapens tre, forklarte han, lurte han oss til å skamme oss over vår nakenhet og dermed Guds skaparverk. Difor vart vi straffa som vi gjorde. Å tvinge kvinner til å dekk til sin kropp, er å vidareføre Satans arbeid, og er eit klart teikn på satanisme.

Sjølv omringar Gadaffi seg med beinharde og veltrente kvinnelege livvakter uansett kvar han reiste.

Ein kan altså seie kva ein vil om dei 40 åra under Gadaffi, men keisame har dei vel absolutt ikkje vore.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar