søndag 6. september 2009

Det frie val...

Ville folkelege protestar til tross, så held politikarar og media fram med valkampen og alt tyder på at dei har tenkt å utføre nok eit ekstravagant stortingsval om litt over ei veke. Dette er sjølvsagt særs urovekkande, men det virker som om dei er fast bestemt på å oppretthalde illusjonen av eit levande representativt demokrati.

Systemet i Noreg er eit såkalla fleirpartisystem, der ulike partiar skal forfekte ulike idear, tankesett og verdiar som skal representere ulike fleirtalsyn i befolkinga. Dette resulterar i eit hav av parti, som vert meir og meir like i det dei streber etter å appellere til den allar minste fellesnemnaren. Den allar minste fellesnemnaren i norsk politikk er at folk vil ha ting som er bra, og helst ikkje ha ting som ikkje er bra. Den store usemja er korleis dette skal forvaltast, og korleis ein skal betale for det vi får (og ikkje får). Valkampen er ei bodrunde, lik den ein finn når ein sett offentlege tenester ut på anbod. Kva leverandør kan levere det vi vil ha, til den allar beste prisen?

Vi vert lova alternativ, men det vi får er rimelege tilbod og prisanslag...

Er det rart ein vert frustrerte over det kongelege norske sosialdemokrati? Så kva skal ein gjere med dette? Det var spørsmålet eg stilte nyleg - sofa eller blankt? Det førte til ein heller interessant prinsipiell debatt om statens og demokratiets natur. Det var ikkje overraskande nok stor semje om at partia vi har er utilstrekkelege og at styringsformen vi har er langtifrå perfekt, men det var store forskjeller i korleis ein skulle imøtegå dette. Tilhengjarane av å stemme var opptatt av at det hittil ikkje var presentert betre alternativ, medan motstandarane gav meir eller mindre uttrykk for at dette var irrelevant og eg forstår det slik at alternativ vil vokse fram når vi ikkje lenger er undertrykt av statsapparatet.

Eg er einig. Vi har ikkje fått presentert noko alternativ, men eg trur faktisk ikkje at det noverande systemet vil produsere den nødvendige diskusjonen for å frambringe dette alternativet heller. For når sant skal seiast, så har vi det altfor bra i det sosialdemokratiske Noreg. Som ein av kommentatorane er inne på, så er ikkje den jamne bebuar opptatt av å endre på det som funkar for dei. Politikarane og dei demokratiske prosessane har tatt ansvaret og høvet til å påverke ut av hendene til folk, og folk ser jammen ut med å vere nøgd med å sleppe å ta ansvar. Ansvar er eit stygt ord.

Er ikkje det deprimerande? Difor har eg etterlyst eit parti som får folk til å tenkje annleis. Eit parti som inspirerar. Til dette vert det protestert at det er for få av oss som ønskjer dette, men det er vel poenget; eg ønskjer eit parti som ikkje søkjer den minste fellesnemnaren, men som vil ta oss i nakkeskinnet og løfte sjølv dei lågaste av oss opp på eit høgare nivå. Eg søkjar eit parti som gjev oss ideal å kjempe for.

Diverre veit eg det er fånyttes, for vårt noverande system vil alltid marginalisere eit kvart parti som stiller spørsmål ved sjølve systemet. Ein kvar debatt om sosialdemokratiet eller statsform vert lattarleggjort og drukna i trivialitetar og i høglytt krangling og skvaldring om byrårkratisk flisespikkeri.

Og det, mine vennar, umogleggjer frie val. Og det, mine vennar, gjer vårt demokrati til ei illusorisk øving.

Akkurat no angrar eg på at eg lova valkampblogging, dette er deprimerande. Hello Kitty anyone?

8 kommentarer:

  1. Jeg syns et er veldig bra at du tenker som du gjør, for det er nettopp denne tanken som kan føre til en forandring, en utvikling, en utfordring. Stagnering løser ingenting. Nå har jeg akkurat sett en lang doku om Techno go ravekulturen på 90tallet med kloke ord fra vår kjære Genesis, så jeg er litt flower power/one mind/sample your reality-modus akkurat nå.

    SvarSlett
  2. Jævla hippie!

    Vår kjære Genesis er rable gal, du veit det, sant? :-P

    SvarSlett
  3. Eg skal laga raudgrønn stuing av den jævla katten!

    Din venn i valget, Thomas Von Grunge

    SvarSlett
  4. Meinar du Hill Hastur, Lisa?

    Von Skitmusikk: Hello Kitty er deg overlegen.

    SvarSlett
  5. Jeg ser ikke denne helt.
    Du innrømmer at de fleste har det for bra i Norge (hva nå det måtte bety), men du mener at dette er galt og at vi må endre på det?
    Vi har det faktisk bedre i Norge i dag enn vi har hatt det på tusenvis av år, men du er frustrert over at vi ikke er villige til å endre dette og kaste på båten denne vinnende strategien? Satt opp imot alle andre styreformer gjennom alle tider er sosialdemokratiet den beste for flest personer i Norge.

    Hva er så fantastisk med ditt alternativ, bortsett fra at livet trolig blir verre for den jevne innbygger, siden vi tilsynelatende "har det for godt" i det sosialdemokratiske samfunn?

    Jeg er ikke helt sikker på hvem som trengs å tas i nakkeskinnet her.

    SvarSlett
  6. No lurar eg fælt på, Axel, kvar du får det i frå at eg har eit alternativ... og kvifor dette alternativet er verre?

    Når det gjeld resten; vi har det for bra no, og vi tar det for gitt. Når ansvar og dugnar er fy-ord. Eg etterlys eit demokrati, ikkje ein anbundsrunde. Eg etterlyst politiske parti, ikkje gjenger med mindre motsetningar enn Hells Angels og Bandidos.

    Eg etterlys eit nytt system, fordi vårt noverande system ikkje tillet ein å ta den debatten. Ein slik svakhet kan ikkje tolererast om vi skal ha eit demokrati.

    So bite me ;-)

    SvarSlett