onsdag 30. september 2009

Ei lita bygd

Stuttvokste, forfølgde og til stadig offer for vitsar. Nei, vi snakkar ikkje om samar denne gongen, men om dvergar. Ikkje tøffe, skjeggete krigarar som du finn i Dungeons & Dragons og Ringenes Herre, men heilt vanlege dvergar, av typen du fann i fargerike kostymer i kongens hoff. Dei vert ofte sjikanert og framstilt som litt komiske over heile verda, men i Kina har ei gruppe dvergar fått nok og danna sitt eiga lille samfunn. Ikkje noko stor by, men ei lita landsbygd, ein miniputby. Ein dvergeby. Her altså dei kinesiske dvergane kunne slått seg til ro, med ei klar høgdebegrensing for kven som kan finne seg ein heim der. Dei har her sitt eiga dvergepoliti, dvergebrannkorps og dvergebutikkar.

Det er likevel dei ting som tyder på at ikkje alt er vel i dvergebyen, då dei tydlegvis er desperate etter turisme. For husa er store sopphus, og sjølv kler dei seg ut som eventyrfigurar. Diverre gjer høgdegrensa det umogleg for Snøkvit å vitje sine gamle vennar.

Dette er uansett eit fascinerande steg å ta, og det viser at segregering ikkje nødvendigvis er diskriminering. Av og til er det den svake part som sjølv ønskjer avstand frå det store fleirtalet. Det er noko til ettertanke for oss integreringsentusiastar.

Dei av oss som alltid er i manko ein dverg når vi skal på fest, veit i alle fall kvar vi skal finne ein neste gong. Ser fram til julebordsesongen no.

6 kommentarer:

  1. Dette var eit smålig innlegg...

    Thomas Von Grunge

    SvarSlett
  2. Ikkje så småleg som...

    Nei... eg skal la vere. Ingen slag under beltestaden. Eg lova mor det.

    SvarSlett
  3. Eg håpar at det ikkje berre er eg som får saftige Frank L. Baum assosiasjonar av dette.

    SvarSlett
  4. Joa, greit nok, men for å minne mullahen om at det finnes farer som sniker seg innpå oss mens vi koser oss med andre ting:
    http://www.youtube.com/watch?v=PAb1FbJGrgI

    Vi trenger din faste hånd og din aldri sviktende paranoia mens fienden sniker seg innpå oss på stadig mer utkrøpne måter:=O

    SvarSlett
  5. Sinnsfrisk: Mmmm... saftige. Som tyske pølsar.

    Svein: Eg er fullt klar over kva farar som luskar der ute, men eg må få lov å tenkje på andre ting i ny og ne! :-S

    SvarSlett
  6. Ok da, mullah! Men vi trenger påminnelser om at du er på vakt!

    SvarSlett