tysdag 22. september 2009

Ei stimuluspakke

Ja, eg er altså attende frå min lille utanlandstur, som de sikkert forstod av innleggjet tidlegare i dag. Det var ei kort, men hendingsrik tilvære som landflyktig i Storbritannia medan eg tryggja meg sjølv om at Siv Jensen faktisk ikkje kom til å verte statsministar. I mellomtida tok eg meg til det vi nordmenn gjer best. Eg plyndra. Eit vassekte vikingtokt!

Eg samla saman gull, edelsteiner og kunstverk. I det minste var det ein del sølv og krystall, og nokre DVDar og slikt.

Men det var noko ytterst moderne og sosialdemokratisk ved mitt plyndringstokt, det innrømmar eg. For eg betalte for meg. Og det i store sedlar. For den britiske økonomi, i likskap med store deler av økonomien i den vestlege verda, og i motstetnad til den norske, er i store vanskar. Det er ein sånn derre finanskrise på gong. Ein gong kvart tiande år får alle økonomar panikk, og fortel folk at verda no går under, medan dei jamrar seg høglytt. Det er eit underleg religiøst ritual eg enno ikkje har forstått meg heilt på, men eg dømmar ingen for deira religiøse tru.

Ein del av ritualet er såkalla økonomiske stimuluspakker som skal leie økonomien trygt i hamn ved å skyte inn fersk kronasje og stimulere til allskens vekst. Noreg, som lenge har vore profilert som ein ansvarleg bistandsnasjon, nyttar difor folk som meg for å stimulere den britiske økonomien. Vi vert sendt ditt med eit mål for auge. Å stimulere økonomien med turboforbruk. Det er ein form for bistand. U-hjelp som det heitte i gamle dagar.

Det føles godt å kunne bidra til å hjelpe våre britiske brødre. No må eg berre sende kredittkortrekninga til regjeringskvartalet, så reknar eg med at Jensemann er kjapp med å betale det eg la ut for å bistå britane.

12 kommentarer:

  1. Selvsagt må Jens betale for en så edel dåd. Her var det nok bare tanke på britenes situasjon, og ingen baktanker i forhold til personlig utbytte. Verden trenger flere som deg! Håper vi kan følge ditt eksempel!

    SvarSlett
  2. Om de har planar om å stimulere til økonomisk vekst i Storbritannia kan eg sjølvsagt anbefale ein Dalek luftreinsar hjå Forbidden Planet.

    Og eit eksemplar av Victoriana hjå Orc's Nest ikkje langt unna. Sistnemnte lover eg å signere neste gong eg ser dykk ;-)

    SvarSlett
  3. Hvordan har vi overlevd uten en Dalek luftrenser???

    Vi må bemanne vikingskipet og dra på tokt til Britannia. Plikten kaller!

    SvarSlett
  4. Og ikke bare plikten!

    Sikle, sikle.

    SvarSlett
  5. Godt å høre at britene er på vei ut av finanskrisa!

    Når økonomene der slutter med ritualet sitt må du ta deg en tur over dammen! For her er det flust med elendighet enda, og det er så deprimerende at det er ikke til å holde ut. Selv været er trist!

    SvarSlett
  6. No er det rundt 15 år sidan eg sist var over andedammen, så eg burde kanskje reise bortover (dog mine auge er satt på New England, og eg trur du er på andre sida av det lille landet)... det gjeld berre å finne tida... og at Jensemann betalar meg attende for mine utlegg til britisk stimuli.

    SvarSlett
  7. Skal prøve å hjelpe deg med å få Jens til å betale tilbake. Jeg kan ikke love noe, men jeg jobber i integreringsapparatet, og der er det jo som kjent et sugerør ned i statskassa et sted. Skal se om jeg finner det. Hva er kontonummeret ditt?

    SvarSlett
  8. Ellers regner jeg med at det ikke bare var britisk økonomi som ble stimulert. Vi hører gjerne flere detaljer!

    At ordbekreftelsen er "stativan" er jo et hint i riktig retning.

    SvarSlett
  9. P.S: At ordbekreftelsen nå ble "hymen" syns jeg derimot er over streken!

    SvarSlett
  10. Vi stimulerte kanskje losjen sin økonomi òg... og utelivsbransjen. Og vi stimulerte behovet for å flytte til ei større leiligheit.

    Mmmm... whiskyglas i krystall...

    Eg har diverre ikkje for vane å dele ut kontonummeret mitt, men tar gjerne i mot attbetalinga over paypal ;-)

    SvarSlett
  11. Eg såg forresten mange maleri av hymen på Tate.

    SvarSlett