torsdag 17. september 2009

Ein vill, planlagd flukt

Eg innrømmer det. Eg lot meg lure. Det skjer ikkje ofte, men den jamne straumen av vrøvl frå massemedia klarte å overtyde meg tidleg i år om at eit borgarleg fleirtal var uomgjengeleg. Eg vart lurt til å tru at Siv Jensen garantert skulle bli statsministar.

Så eg gjorde det einaste eg kunne, eg planla ein flukt. Eg tinga til og med flybillett ut av landet etter valet. Så her sitt eg. Klar til avreise til Londinium om eit par timar, medan landet likevel ser ut til å vere trygt i hendene på hakket mindre grusomme menneske. Min landflyktighet, om enn framleis tiltalande, er strengt tatt unødvendig.

Men eg hatar å sløse vekk pengar. Så eg reisar.

Så ser vi om eg finn ein returbillett over helga.

9 kommentarer:

  1. Uansett var det nok lurt å ta sine forholdsregler. Man vet aldri hva som kunne skjedd i tilfelle borgerlig regjering.
    Men man vet aldri hva som skjer i Londinium heller, så du får ha lykke til og jeg håper du greier å komme deg tilbake!

    SvarSlett
  2. Hope for the best but plan for the worst? :)

    SvarSlett
  3. Det er trygt her nå, mullah! Jeg har ikke sett Siv på TV på flere dager.

    SvarSlett
  4. Woohoooy! Eg landa med fallskjerm i natt! London var trygt, men travelt, betre å vere heime på Noregs rolege kyst...

    hm... regn.

    SvarSlett
  5. Nå har du vært borte lenge nok. Skriv blogg!

    SvarSlett
  6. Jadamasa!

    Jobbe og sove litt først...

    SvarSlett
  7. Slutter meg til Hege. Bloggverdenen er kjedelig uten dag.

    Ordbekreftelsen understreker dette: "pinad"ø!

    SvarSlett
  8. Ja, han Dag er spanande, eg veit ikkje om eg er ei god nok erstatning, men no er eg attende.

    SvarSlett