torsdag 24. september 2009

Joggebukser

I dag skal eg fortelje dykk noko de allereie veit. Noko alle fornuftige menneske har fått med seg, men som nokre ser ut til å vere så altfor villige til å ignorere. Og desse uansvarlege kreka ser eg kvar dag ute i friluft.

Dei dukkar opp på kantiner, på butikken og på gatehjørnet. Av og til ser eg dei på møter og på førelesingar. Og eg får lyst til å ty til vald kvar einaste gong. Blodet mitt kokar over, og nevene mine knyttar seg. Eg må konsentrere meg for å halde attende fråden kvar gong eg legg auga mine på eit eller anna dement krek som presterar å vandre rundt i joggebukser. Kosebukser som nokon vil kalle det.

Kva du vel å gå med heime hjå deg sjølv legg eg meg ikkje opp i. Og om du trener, så skal du få lov - medan du faktisk trenar. Men ha klart for deg no, ein gong for alle; Joggebukser er ikkje eit akseptabelt klesplagg! Ved Profetens skjegg, eg vert så irritert over menneske som sett sin eigen komfort over alt anna. Dei vil berre ha det koseleg. Det signaliserar ei bedriten og slapp haldning. Går du i joggebukse, så fortel du meg at du ikkje bryr deg. At du snur i døra om noko på andre sida av dørkarmen krev innsats eller involverar det minste av ubehag. Du fortel meg at du er ein slask som ser på verda som ein sofa du kan liggje i medan du dyttar i deg chips og junk-food.

Og medan vi er inne på det - tjukkaser i joggebukser. Ein særeigen stad i helvete er reservert for dykk, for dykkar vulgære overgrep mot all god smak. Kva i helvete er det som gjer at når folk passerar ein viss kilomengde, så trur dei at dei kan kle seg i kva som helst?! Og ikkje minst i joggebukse?! Fy faen kor hesleg! Om du er så feit at du finn det ukomfortabelt å gå i arbeid i normale klede, så kan du pinadø kvitte deg med eit par kilo, i staden for å vralte rundt i kosebukser med eit tilfreds glis.

Eg er sjølv god og rund, men eg har betre vet enn å begå stilmessig sjølvmord. Eg bryr meg om korleis eg ser ut. Så dei av dykk der ute som har fått det for dykk at ekstra kilo er grunn nok til å kaste all god smak til side, så værsågod kapituler med ein gong og skaff dykk ein sabla fargerik mumu. Om noko er verre enn joggebukser, så er det dèt!

Nok ein gong - JOGGEBUKSER ER IKKJE EIT KLESPLAGG!

Slik. Det var godt å få sagt.

24 kommentarer:

  1. Jeg bøyer meg i støvet, O vise Mullah.

    SvarSlett
  2. Støvet, ja... du kunne ikkje tenkt deg å støvsuge moskeen i stadenfor å liggje der og rulle framfor meg?

    SvarSlett
  3. Hahaha, jeg er en tjokkas, og elsker å gå i joggebukse, typ lys gråmelert:p
    Fordi jeg gidder ikke skifte før jeg stikker å trener, fordi jeg får nayss æss i den, og det er så gooooodt!:D

    SvarSlett
  4. Da jeg studerer kroppsøving i år ser jeg det som mitt privilegie å dasse rundt i joggebukse i offentlighet minst en dag i uka. Deeeilig

    SvarSlett
  5. Just for inspiration: http://media.photobucket.com/image/Muumuu/thelizzy/muumuu.jpg

    SvarSlett
  6. Sorry Hastur, jeg er fullstendig overbevist om at du slacker rundt i sakristiet iført joggebukser fra Ellos hver gang du tror ingen ser deg!

    SvarSlett
  7. Stine M: Eg ser òg at du gjerne tykkjer det er ukomfortabel å drive korrekt rettsskriving. Du prover mitt poeng om joggebuksebrukarar.

    Indigo: Du er ein slask. Skjerpings.

    Jon: Ja, skal det vere, så skal det vere. Kom igjen tjukkasar, få på dykk ein mumu!

    Snirkelsnorkel: Du burde då kjenne meg betre enn det. Joggebukse eig eg ikkje... og for korleis eg sleng rundt i sakristiet... Freikörperkultur burde vere stikkord nok.

    SvarSlett
  8. Høres bra ut at Stokkefot kan støvsuge moskeen, for Allah vet at Hastur ikke gjør det selv!

    SvarSlett
  9. Profeten seier det som det er!

    Er det kanskje på sin plass med ein liten fatwa? Eller kanskje vi rett og slett skal gå direkte til heilag krig.

    Stille bøn har i alle fall ingen effekt - det har eg testa i årevis.

    SvarSlett
  10. Hellig krig mot støvsuging er jeg med på!
    Møtested?

    SvarSlett
  11. Bad Mynock: Eg trudde verkeleg du hadde fått med deg at alle mine innlegg er religiøse avgjersler, og ergo som fatwaer å rekne. Ikkje alle fatwaer handlar om å drepe folk. Berre denne.

    Ellers er ein mindre Jihad kanskje på plass, men eg ser helst at ein tyr til den store. Altså å gå i seg sjølv.

    Og så kan du denge andre etterpå sjølvsagt. For som du seier... stille bøn har ikkje løyst dette problemet.

    Svein: Møtestaden er som alltids på Valen.

    SvarSlett
  12. Så vi kan alltids møtes på Valen, mener du?

    SvarSlett
  13. Det er òg eit vis å seie det på, ja. :-P

    SvarSlett
  14. Du er så søt når du er sint;) Og ja, jeg eier ikke et eneste rettskrivingsgen i hele denne joggebukseelskende, slacke, late kroppen:D

    SvarSlett
  15. Mullaen er alltid søt. Kle deg skikkeleg no, og skaff deg ei ordbok!

    SvarSlett
  16. Litt moro at de kaller dem joggebukser, for med mindre man jogger veldig, veldig sakte i ekstremt kalde temperaturer duger de ikke til å jogge i. Det blir bare altfor varmt.
    Forresten jogger jeg ikke; jeg løper, og jeg løper iført shorts. Sånne hyperkorte, hypertrange spandexgreier. Med tilhørende knøttliten topp.
    Og selv da er det nesten uutholdelig varmt å løpe noen få kilometer her i kule Kalifornia.
    Joggebukser er hva man tar på seg etter løpeturen, når man ikke gidder kle seg skikkelig men må ta ut søpla likevel. Det er alt de duger til, så fatwa mot dem er helt greitt.

    SvarSlett
  17. mmmm... trange shorts og minitop?

    Eg klagar ikkje. Eg burde sikkert seie noko om uanstendig klesplagg... men... næh.

    SvarSlett
  18. Ja, jeg vet. Derfor løper jeg bare etter mørkets frambrudd, sånn at ingen ser meg. At det er kjøligere da har selvsagt ingenting med saken å gjøre!

    SvarSlett
  19. Er det no så snilt å skjule deg sjølv? :-P

    SvarSlett
  20. Mye tryggere å løpe i daglys, vel?

    SvarSlett
  21. Heilt klar. På dagtid så er jo grisane på jobb :-P

    SvarSlett
  22. Hahaha eg dauve!

    Bra skrevet

    - Kake

    SvarSlett
  23. Takk takk. Ein fatwa må jo vere velformulert.

    SvarSlett