søndag 27. september 2009

La dei døy!

Det er ikkje kvar dag ein såkalla dyrevernar vaknar frå transen, og gjennomskuar Pandamonium og ser pandaene for det dei er. Tidlegare denne veka vart eg likevel gjort merksam på eit tilfelle av nettopp dette.

Chris Packham, programleiar for Springwatch på BBC, har innsett det openbare faktum at vi menneske nyttar overdrevent mykje midlar på å halde liv i eit fullstendig unyttig vesen. Med ei verd i krise, og autentisk interessante og levedyktige dyr på randen av utrydding grunna menneskeleg inngripen, finnes det langt meir matnyttige ting å nytte pengane på. La dei døy, er hans konklusjon. For her har vi ein rase som ikkje berre vel å leve på eit kosthold dei ikkje kan overleve på, og som nektar å forplante seg utan menneskeleg hjelp. Dei er simpelthen ein blindveg, evolusjonært sett.

Herr Packham må no berre sjå vidare - kvifor er det vi held liv i dei? Kva er det som besett oss til å nytte ei formue på dei, og ikkje på tigre? Svaret er sjølvsagt hypnose. Telepatisk kontroll! Utan oss vil dei døy! Med dei, så døyr vi! Dei vil ta alle våre ressursar, all vår energi, og etterlate oss som tomme skal!

Om vi ikkje gjer noko no! Om vi ikkje gjer motstand! Tar til våpen! Og tar vekk lommeboka! Ned med Pandamoniums sugerør inn i statskassa!

La dei døy!

4 kommentarer:

  1. Hvorfor ble ikke dette et tema i valgkampen? Hvorfor ble et så alvorlig problem skjult for oss velgere?

    SvarSlett
  2. Jammen dei er så søøøøte! (omtrent som "Tjen folket")

    SvarSlett
  3. Liv-Marit: Det vert dekka over som vanleg! Jævla pandalakeiar på storting og i mainstream-media!

    Svein: Ja! Ved Profetens krøllete skjegg!

    Eva: NEI!

    NEEEEI!

    Ikkje søte! Og eg har spist middag med TF-folk, ikkje pokker om eg inviterar pandaer til bordet! Æsj!

    ÆÆÆSJ!

    SvarSlett