laurdag 5. september 2009

LucasArts attforeining

Kva seier de til å pause frå Pandamonium og valkampangst no sidan det er ein stille og roleg laurdags morgon under Ramadan? Eg trur dette er eit usedvanleg bra tidspunkt å nerde litt. Og kva er vel betre enn å vere nostalgisk? I 2008 møttes ei gruppe LucasArts-veteranar i all løyndom, denne gruppe inkluderte til og med the Grumpy Gamer, Ron Gilbert, skaparen av mellom anna Monkey Island, eit av tidenes beste spel.

I samtala dei hadde med representantar frå 1Up kom dei inn på kva som låg bak den kreative krafta i selskapet på 90-talet, og kva som til slutt øydela stemninga og fekk dei til å forlate selskapet ein etter ein. Her er det mykje Star Wars babbel, og mykje godsnakk om gamle adventurespel. Slikt gjer ein mulla glad på morgonkvisten.

For dei som vil synke lengre ned i materien som er LucasArts kan eg anbefale ein cofeetable-book som kom ut i fjor; Rogue Leaders: The Story of LucasArts. Boka vart gjeven ut for å feire 25 år med ein av dei mest populære og nyvinnande dataspelprodusentane nokonsinne. Medan eg, og andre kritikarar, gjerne saknar litt meir djuptgåande analyse, og ikkje minst kritikk av selskapet sine seinare år, så er boka ei glimrande reise gjennom ein ganske formidabel kataolog og historikk. Selskapet byrja som ein arm av Lucas Entertainment, og tok på 90-talet dataspelverda med storm med kreative adventurespel som Maniac Mansion og Monkey Island. Mot slutten av 90-talet kom Star Wars til å dominere spelutgjevingane, og færre adventurespel såg dagens lys, til slutt endte LucasArts opp med berre å distribuere andre sine lisensierte Star Wars spel.

Til stor glede har det siste året sett nye toner frå selskapet, som endeleg gav ut eit nytt minneverdig spel i form av det nyvinnande Star Wars: The Force Unleashed (ute i PC-versjon denne jula), og i somar kunne dei overraska oss ikkje berre med ein HD-versjon av Secret of Monkey Island, denne gongen med stemmar, og eit samarbeid med LucasArts-avhopparane i Telltale Games om ein ny serie Monkey Island-spel. Den store entusiasmen rundt dette fekk LucasArts til å ta steget fullt ut og opne arkiva sine, og slenge ut fleire av sine gamle perler til ein billig penge til nedlasting på nettet.

Dei lover at dette er noko dei vil halde fram med, og dei har visstnok eit par overraskingar på lur denne helga og i veka som kjem.

Slik, då hadde vi starta ein god nerdelaurdag.

1 kommentar: