onsdag 16. september 2009

Med fokus på Red Dawn

I gårsdagens innlegg nemnte eg at Patrick Swayze var død, og dette skapte jo sjølvsagt rom for omtale av hans beste film nokonsinne, Red Dawn. Der mainstream media fokuserar på ræl som Ghost og Dirty Dancing, er det fare for at folk gløymer eller ikkje vert obs på det filmatiske meistarverket som er Red Dawn frå 1984. Ein film som aldri vil døy i sinnet til oss born av den kalde krigen. Ta ein titt:

Red Dawn er ikkje berre eit horribelt stykke amerikansk kald krig-propaganda, ikkje berre reaganistiske krampetrekningar, men ein dønn ærleg visjon om amerikanske ungdommers evne til å gjere motstand mot fridomens fiendar. Zen-fascisten John Milius, kjend for filmar som Conan og bidrag til Apocalypse Now, vevar i Red Dawn ei fabelaktig soge om eit Amerikan invadert og underlagt kommunismens harde hel. Ved filmens byrjing vert vi introdusert for heilt gjennomsnittleg ungdom, i ein heilt gjennomsnittleg bygd i USA. Dei speler fotball og går på skule, heilt til ein dag då cubanske og russiske fallskjermjegarar landar i skulegarden og gjer kort prosess av historielæraren deira. USA har blitt tatt med buksa nede, og okkupasjonen er eit faktum. Ungdommane stikk av i trucken til Patrick Swayze og forsvinn til skogs der dei byrjar ein knallhard motstandskamp mot okkupasjonsmakta. Dette er ikkje ein film om ekte heltar som jagar fienden ut av landet, men ei skildring av motstandens harde realitetar. Dette er ikkje ein film om korleis det amerikanske forsvaret jagar fienden på dør, men ein film om ungdommar som kjempar for sine ideal.

Og det heile er fabelaktig cheezy og til å vri seg av. Det er kort og greit ein av mine favorittfilmar. Den er obligatorisk om du skal forstå din mulla.

Urovekkande er det difor at dei no held på med ein remake. Då er det ikkje russarar og cubanarane som er slemme, nei, det er sjølvsagt dei mangfoldige kinesarane!

Her er det all grunn til å vere skeptisk, nervøs og... ja... Dette kan vel umogleg gå bra? Kva tid vart USAs store handelspartnar i aust fienden? Har vi gløymd at kinesarane er kapitalistar? Har USA gløymd at Kina eig enorme mengder av amerikansk gjeld... åh... gløym det. Kreditorane er på veg gitt.

Dette er eit prosjekt fullstendig blotta for John Milius sin teft for det politisk ukorrekte. Det virker berre platt og uoppfinnsomt. Nei, då er det mykje kjekkare å vete at medan John Milius drøymer å spele inn eit storstilt krigsdrama i Bergen, så er han langtifrå inaktiv. Han har nyleg skreve manus for eit spel, med same premiss som Red Dawn. Homefront:

Du skjønner... ein nord-koreansk invasjon, er tusen gongare kulare enn kinesarane. Dette kjem til å sparke rumpe!

6 kommentarer:

  1. Siden vi er på invasjonskjøret: Hva med Invasion USA med Chuck Norris? Der har du en film jeg aldri skal se igjen i hvert fall.

    SvarSlett
  2. Ja... men... kvifor pine oss sjølv med å tenkje på den?

    SvarSlett
  3. Klart det er spennende å tenke seg et liv som motstandskjemper i fjellene! Livet er enkelt og sterkt, vi spiser bjørnekjøtt levende...
    Men tenk på hvor kaldt og vått det blir der om høsten da, mullah! Og sofa... og rødvin... og bloggingen...

    SvarSlett
  4. Seier du at motstandskampblogging er framand for denne bloggen? Kva med Pandamonium? Og den motstanden foregår i sofa, skog og fjell... med raudvin, whisky og halalmat!

    Mmmm... whisky... eg var i tax-free i går. Burde eg innvie mine nye krystallglas frå losjen og skåle for motstand mot kubanske fallskjermjegerar?

    SvarSlett
  5. "Seier du at motstandskampblogging er framand for denne bloggen?"
    Nei!

    *Møtes på den vanlige å..en. Jeg kommer inn med min .... fra sørv... Kallesignal x7. Husk Kalashnikovene. Har med koreanske overløpere*

    SvarSlett