torsdag 3. september 2009

Pandakommandotjuvar

Vi veit at Pandamonium respekterar eigedom like lite som dei respekterar menneskeliv. Og vi veit at dei driv aktiv trening av pandakommandoar for deira komande maktovertaking, og ein del av treninga involverar tydlegvis innbrotsteknikkar. Det kjem ikkje som noko overrasking, og ein del av dykk vil sikkert spørre kvifor dette er "ei sak".

Det er eigentleg rimeleg enkelt når ein tenkjer etter. Pandaer har lenge vore avhengige av menneskeslavar for å gjere finmotorisk arbeid, då dei sjølv har potar og ikkje anstendige hender eller fingrar. Pandakommandoar trenar opp finmotorikken til å dirke opp låser, det neste vil vere å bruke tastatur og andre verkty som for dei fleste pandaer er umoglege.

Eit av våre største overtak over pandaene står i fare.

Og ikkje berre det, det er eit steg nærare å gjere oss overflødige i den store samanhengen av Pandamoniums plan. Eg trur det er nok ein gong på tide å slå alarm.

Til alle kameratar, tid og stad for neste treningsleir vil verte gjort kjend gjennom dei vanlege kanalane. Saman vil vi sigre.

3 kommentarer:

  1. Nå fikk du meg plutselig til å lure; er pandaer spiselige?

    SvarSlett
  2. Ja, strengt tatt så er dei det, men i vaksen aldar så er det ganske kjipt kjøt. Det er anbefalt å ete dei unge.

    Slik pandaene sjølv gjer med sine nyfødde.

    SvarSlett
  3. Jeg har sagt det før. og sier det igjen: Pandaene er kanskje farlige, men vent til isbjørnene blir lei av å svømme og går i land i Nord-Norge!
    Hva har regjeringen gjort med det!!

    SvarSlett