tysdag 15. september 2009

Postval-sutring

Så var Stortingsvalet over. Arbeidarpartiet hoverar, medan alle andre slikker sine sår. Og så har du dei som sutrar då. Det er mange som sutrar, og av ulike årsakar. Nokre av dei er gode, sjølvsagt, som manglande fokus på miljø, datalagringsdirektivet, inhuman asylpolitikk og andre gjeve saker, andre derimot nytta morgontimane til å sutre over heilt andre ting. Valsystemet. Det representative demokrati. Slike ting.

Og det var ikkje meg. Tru det eller ei. Eg har ingen illusjonar om at valet er rettferdig, men det er dei som tydlegvis likar å tru det.

Min venn Bjørn Are oppsummerar sutringa godt, når han klagar på det som har vore dei borgarlege si jamresak i dag. Ja, takka vere reglane for vårt system, så er det faktisk slik at sjølv om dei borgarlege fekk flest stemmer, så har partane i den raudgrøne regjeringa vunne flest mandat. Og vi lærte kvifor på skulen; det er fordi dei ulike fylka har ulikt antal mandat basert både folketal og andre faktorar. Det høyres kanskje feil ut, og det er det vel gjerne òg, men slik er det representative demokratiet bygd. Å trekkje linjene til Bush/Gore i 2001 og spydig rope statskupp, er gjerne morosamt, men dekker ikkje over sutringa.

Så no skal eg med eit enkelt poeng forsvare systemet i forhold til det amerikanske dei no vil samanlikne seg med: "I Noreg tel svarte innbyggjarar som ein heil person i fordelinga av mandat, det gjer det ikkje i USA, diverre". Rester av gode gamle dagar kallar vi det.

Det slår meg likevel at dei borgarlege som sutrar over dette, er dei same som truleg vil be andre slutte å sutre over at liknande ting har skjedd andre stader. Faktisk, så er det dei same som hadde bedt venstresida slutte å sutre dersom det omvendte hadde skjedd i går. Realiteten er vel at dei sutrar helst over at dei tapte, ikkje at dei brått har oppdaga at systemet var urettferdig.

For systemet har alltid vore slik, og systemet har alltid vore skakkøyrd, og medmindre dei tok seg tid til å kritisere systemet før valet, så er det litt seint å hevde at det er øydelagd no, berre fordi dei tapte.

Personleg sutrar eg uansett kven som vinn eller ikkje vinn. Eg er konsekvent slik sett.

Dessutan er det langt viktigare at Patrick Swayze er død... og det medan dei førebur Red Dawn-remake og dei raudgrøne vinn valet, eg luktar drapskonspirasjon!

19 kommentarer:

  1. Sutring? Hvilken sutring? Vi sutrer ikke. Vi syter. Syyyyyyyyyyyyter.

    Og dessuten er det statskupp.

    SvarSlett
  2. Jeg sutrer over at NRK, når de nå først skulle gjøre en sak på at Patrick Swayze døde, bare nevnte Dirty Dancing og Ghost av filmene hans.Man kommer jo ikke utenom klassikere som Roadhouse, og selvfølgelig Red Dawn, og dessuten MÅ jo Nord og sør nevnes!

    Skandaløst!

    SvarSlett
  3. Road House er et viktig bidrag til filmhistorien (som jeg så da den kom på Eldorado), men filmen Swayze bør huskes for er Point Break. Som er bra selv uten ironi.

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  6. Det er Red Dawn som gjelder. En av de få amerikanske filmene som tar seg bryet med å la karakterene bruke AK-47, istedetfor Norinco 56 og late som det er AK-47. Dette faktum gjør det til en film verdig mist tre Oscar.

    Og, dette illustrerer filmens forhold til virkeligheten. Dersom noen vil betvile hvem som var snillest av Reagen og trekløveret Ortega, Castro og Gromyko, så er det bare å se denne filmen. Jeg ser den vanligvis med smekken åpen, og synet festet på de fine kamuflasjeklærne og gunnerne. Milius ftw!

    Ellers: kupp? Meh. Det eneste statskuppet i norsk historie var da Stortinget utvidet valgperiodene i perioden 1936-39/40, og dermed ble sittende helt til 1945. Pføy!

    (måtte fjerne innlegget og legge det inn igjen fordi jeg skrev Noriega istedetfor Ortega. Noriega var en fin kar. Ortega er et rasshøl.)

    SvarSlett
  7. Arnfinn: Du er ein sutrepave. Er det ein posisjon i HEF? ;-D Men ja, gjerne Point Break

    Hjorthen: Personleg klara eg meg fint utan Dirty Dancing og Ghost.

    Red Dawn der imot... ser eg på same vis som Thule. Det har blitt eit ritual. Heilt sant! Slemme kommunistane!

    Thule: 3 Oscar er for lite!!!

    Milius er mannen som gjer fascisme stovereint. Han har no skreve Red Dawn om til dataspel, der Nord Korea invaderar. Vi gleder oss!

    SvarSlett
  8. At du sutrer over oss som sutrer er som forventet, din sutrepatriark, eller - som det heter på Sørumsand - sutremullah.

    Med min Oslo-bakgrunn har jeg med min ringe forstand forøvrig sutret over dette siden 60-tallet.

    Noe som - gitt visse premisser - enkelte vil kunne argumentere for at til og med var før gårsdagens valg.

    SvarSlett
  9. Pøh! Du som har sett Star Trek veit at du ikkje kan stole på tidslinjer. Så blædi på deg!

    Eg står ved det at du hadde vore salig nøgd og ikkje hadde sutra over dette om situasjonen var reversert.

    Då hadde eg sutra over nokon andre som sutra i staden for.

    For sidan eg ikkje er partisk, så kan eg sutre uansett.

    SvarSlett
  10. Sutreklut skal sendes i posten, om valgordningen som skal avgjøre dette tillater.

    Valgordningsvinnerne (heretter kalt Vov) skal uansett få bjeffe eh... bite det i seg og noen pass påskrevet og bli behørig besutret hver gang de snakker om at de har flertallet av folket i ryggen.

    Så det så.

    SvarSlett
  11. Folk med Oslo-bakgrunn har fint lite å sutre eller syte over når det kjemt til fordeling i vårt samfunn. Hovudstaden er så til dei gradar forfordelt på dei fleste områder.

    Å sutre om valordninga etter valet er i alle tilfeller pinleg.

    Og Red Dawn treng ingen re-make. Re-make er jevnt over eit av verdas mest ubrukelege fenomen.

    SvarSlett
  12. Bjørn Are: Sutreklut til alle valtrøytte og borgarlege? ;-P

    Om du skal sutre, så forbehaldar eg meg retten til å påpeike urimeligheten i det kvar gong ;-)

    Bad Mynock: Oslo-folka er bortskjemte med kvardagskriminalitet, ghettofisering og eit politi som har kapitulert!

    Vi likar ikkje remakes, nei... men Red Dawn versjon 2 er på veg. Personleg vil eg heller sette ein knapp på dataspelet Milius har vore med å lage. Den gul-raude fare, woohooo!

    SvarSlett
  13. Bad Mynock: Dersom hovudstaden er forfordelt så har dei igrunnen all mulig grunn til å sutre.
    Definisjon frå nynorskordboka: (forfordele (etter lty, påvirket av *fordele) gje (ein) mindre enn ein har krav på ved fordeling; fordele urettvist; misbyte kjenne seg forfordelt synast at ein har fått for lite ).
    Dersom det er nokon som ikkje er forfordelt og har sutregrunn så er det altså hovudstaden. Vestlandet derimot kan jo sutre litt. Vi hadde visstnok ei liste ved Stortingsvalet som var fundert på denne forfordelinga.
    Bad Mynock - finst det gode Mynockar?

    SvarSlett
  14. Doh!

    Slik går det når ein skal flotte seg med ord. Poenget kom heldigvis fram: Syt og sutter(?) frå Oslo er ikkje anna enn bensin på bålet for oss som bur andre stader.

    Ang. snille mynockar: Truleg. Det kan vel variere med dagsformen det. Det kjem til sjuande og sist uansett an på auga som ser.

    SvarSlett
  15. Vel, for å nevne litt, med landets største søppelanlegg godt innenfor bygrensen med et par 10 000 neseoppsatte mennesker i nærområdet, kriminalitetsoppklaring på promiller, skoler som må stemple meldingsbøker med forsentkomming-skal-ikke-regnes-for-eleven for de som bor på toginnstiltutsatte strekninger, barneskoler med kun 0-5 % med norsk som morsmål hjemme, 30-90 minutters køståing med bil morgen og kveld, dusinvis av Nigeriadamer som sperrer veien ned hovedgata på kvelden, færre antall folkevalgte per stemme og disse er uansett sjelden selv fra Oslo, og ikke minst fotballag som er i ferd med å gå konk, føler jeg noen snev av trang til å syte. Syyyyyyyyyyyte.

    Enten jeg hadde sagt fra på forhånd eller ei.

    SvarSlett
  16. Sutring er feil handlingsmønster.

    Å mislike Oslo og vurdere teppebombing derimot, er heilt rett ;-)

    SvarSlett
  17. Det er kaldt på kontoret mitt. Kunne godt tenke meg å bli litt ullteppebomba akkurat no.

    SvarSlett
  18. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article3276277.ece

    SvarSlett
  19. Javisst, anonym... men det vi er vitne til er berre sutring frå folk som ikkje likar å tape i spelet dei har spelt.

    SvarSlett