tysdag 27. oktober 2009

Biff in the sky with diamonds

Dagane går, men BIFF består. Bergen Internasjonale Filmfestival held fram, på tross av mange filmentusiastar som ligg gatelangs og skrik etter nåde. Metningspunktet er nådd for fleire, og europeisk og asiatisk film tyt ut av øyra av folka, medan samfunnskritiske dokumentarar renn som snott ut av nasene deira. Frå auga renn tårer av filmar frå aust-europa... og du vil ikkje vete kvar du finn overskotet av filmane frå Gay & Lesbian Propapaganda Night.

Vi held likevel koken, sjølv om vi kanskje feigar litt ut og held oss lågt i terrenget. Vekke frå dei store filmsalene, på gode gamle cinemateket nede ved Verftet inntok eg dagens to filmbitar. Eg veit ikkje om det er dagsformen eller andre faktorar som spelar inn, men det vart ein del heva augebryn under dagens seanse. Det heile byrja med Vaska, ei soge frå arbeidsleiren, frå 1996. Dette er filmen for alle oss som vaks opp med aust-europeisk barne-TV. Du veit, desse gamle tsjekkiske og russiske filmane som vart fortald med ein pedagogisk forteljarstemme, medan ein kunne høyre dei snakke på originalspråket i bakgrunnen. Denne ungarske filmperla utspeler seg på russisk, men med ein ungarsk forteljar som er teksta på engelsk. Forteljaren fortel historia som om det skulle ha vore eit eventyr for born, med ein sunn dose repetisjon og presis artikulasjon. Forteljinga i seg sjølv er både magisk og... underleg. Historia er satt til Russland under kommunismen, og følgjer tjuven Vaska som i lag med ein kollega byrjar å stele Tsarens skattar frå kommunistane sitt skattekammer. Innbakt i det heile ligg ein eller annan metafor for livet under kommunismen, og frigjeringa frå den på 90-talet. Eit eller anna om... arv og... verdiar. Gudane veit. Halvvegs inn i filmen innsåg eg at eg neppe ville få noko fornuftig ut av den, og satt meg til å flire.

Det var først under den neste filmen, De Døde Fiskene / Mortal Fortune, at eg innsåg at eg i lunsjen mest truleg hadde inntatt eit narkotisk stoff som hindra meg i å gripe filmane heilt. Eg var på ein syretur, og det utan ein returbillett. Eg klamra meg til sidemannen i håp om hjelp, men ho såg på meg med eit like fortvila blikk. Ho var òg på syre, forstod eg. Vi var i filmprosjektørens vald, og vi måte berre verte sittande til siste slutt. I denne surrealistiske klassikaren frå 1989 følgjar vi ein uheldig mann som for å overleve fiskar frimerker ut av ein mystisk elv i jungelen, på vegne av ein rik tyrann. Heile hans liv er ein serie med fornedringar og torturaktige scenarioer, arrangert av vilt framande og sjefen. Til ein kvar tid vert han plaga og pint, utan stans, og inga takk får han for sitt arbeid med frimerkefiskinga. Ein dag bestemmar hans seg for at nok er nok. Han skal ta hemn. Før han kjem så langt så sluttar folk brått å pine han, og hans torturistar får smake sin eigen medisin for andres hand. Hans sjef, vert drept av pepper og... synet av ei kvinnes underliv. I ein slik situasjon veit vår hovudperson ingen annan råd enn å sabotere for seg sjølv. Å bokstaveleg talt snuble seg sjølv ut i eit hav av frimerker, no transformert til gamle revne familiebilete. Vi vart sittande att og måpe... filmen freistar truleg å seie noko om undertrykking av mennesket, om fornedrande strukturar og arbeidsforhold... men alt den sa til meg var. LSD.

Etter dette var det simpelthen berre å kapitulere og trekkje seg attende til moskeen for å samle seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar