måndag 26. oktober 2009

Det er lov med biff til kvardags

Så snart arbeidsdagen i dag nærma seg slutten såg eg mi sjanse til å innta Bergen Internasjonale Filmfestival nok ein gong; lokka ned av gode menneske og minneverdige filmopplevingar. Eg startar gjerne med litt tyngre fòr, så det var rett frå kontor til borgarkrigen i Yugoslavia. Tett etterfulgt av nokre timar i Tyskland før første verdskrig. For så å avrunde med eit eller anna om menn, kvinner og den slags.

I Buick Riviera får vi eit annleis attsyn med konflikta som utspelte seg i Yugoslavia på nittitalet. Vi møter ein stille og roleg bosniar og ein slesk serbar, som ved eit slump treff på kvarandre på vegen i Nord Dakota, USA. Først glade over å møte nokon frå heimlandet startar dei å fortelje om seg sjølv, men når deira ulike opphav kjem fram blussar gamle motkjenslar til live. Dei har beggje takla livet og amerika på særs ulike vis, noko ein skal forstå som resultat av deira ulike etnisitetar. Den sleske serbaren har amerikansk statsborgarskap etter å ha gifta seg inn i ei rik oljefamilie, no har han forlatt kona og lagt ut på vegen etter nye erobringar. Bosniaren er gift, men ikkje lukkeleg, hans tid vert nytta på ein gamal buick. Hans "American Dream". Ein draum serbaren no vert misunneleg på. Han ønskjer å erverve hans draum. Sinnet koker. Ukvemsorda haglar. Gamle sår vert rippa opp i. Det er vanskeleg å ikkje sjå ein samanheng mellom bosniarens kona og hans buick, når serbaren smørar henne med smil og lovord medan ho smeltar i hans hender, før han sleng pengane på bordet for å kjøpe bilen.

Eg må ærleg innrømme. Eg likar ikkje den jævla sleske serbaren. Han kom for å stele våre bilar. Og våre kvinner. Det mest iaugefallande med filmen var likevel finansieringa. Ein film som speler på å opne gamle sår mellom bosniarar og serbarar, er det vel litt spesielt å vere nesten fullstendig finansiert av kroatiske filmfond og investorar? Hm. Har dei kanskje eit lite behov for å trekkje merksemda vekk frå seg sjølv i denne samanhengen?

Etter denne merksnodige affæren, var eg klar for noko tysk og svart kvitt. Og Das Weisse Band var beggje deler, den var òg to og ein halv time lang. O lukke! Denne nye perla frå Michael Haneke hadde kanskje ingen reell konklusjon eller anstendig klimaks, men den gav oss eit mørkt skråblikk på det rurale Tyskland i tida rett før første verdskrig braut ut. Filmen skal freiste å forklare hendingane rundt dei to verdskrigene, ved å syne oss folket og deira levesett i denne sentrale perioden. Og den er absolutt inne på noko. Foreldras moralisme og tunge disiplin. Barnas internalisering av foreldras moralske univers, og paradoksale opprør. Adelfamilien som i det skjulte går i oppløysing. Vald. Sex. Mishandling. Alt eg treng for å trekkje på smilebandet.

Det sentrale i filmen er ikkje historia, men dei ulike karakterane og deira moralske univers. Dei verdiene dei iscenessetter med sine gjerninger. Filmen er mørk og lemnar lite rom for håp, men det er glimt av humor for dei som vil sjå det. Som når legen er lei av å forklare sin elskerinne kor håplaus ho er, og ber henne berre gå og døy. Ikkje verdas lystigste beskjed, men iscenesatt og framført på eit vis som får mullaen til å flire godt. Viktigast er kanskje likevel framstillinga av borna, som på eit underleg vis framstår som ei gruppe menneske ein lett forstår kom til å uniformere seg sjølv, og med presisjon undertrykke og mishandle det som braut med skjemaet for deira univers. Tommelen opp Haneke, nok ein gong.

Biffkvelden vart avrunda i eit meir moderne og harmlaust område; Brief Interviews with Hideous Men. Ein film basert på boka med same namn. Boka, som berre er ei rekkje svar, utan spørsmål, frå menn intervjua av ein amerikansk forskar, er her filmatisert med eit slags plott rundt ein ung sosiologstudent som har blitt dumpa av typen. Plottet fungerar knapt til å halde tråden i det som i realiteten er interessant med filmen, nemleg intervjua og sitata derifrå. For å vege opp for ei svak historie, har produsenten valt å strukturere filmen i hulter og bulter, med mykje kryssklipping og repetisjon. Eg er usikker på kor vidt eg følte dette fungerte. Filmen var likevel underhaldande, og eg kunne ikkje gjere anna enn å trekkje på flirebanda av alt det dei ulike mennene hadde å seie om kvifor dei lukkast eller mislukkast med kvinner, og kva kvinner eigentleg vil ha, som dei ikkje veit dei vil ha sjølv. Mitt hjarte går samstundes ut til stakkaren som ved klimaks var ute av stand til å ikkje rope ut "SIGER TIL DEI DEMOKRATISKE STYRKANE!"... ein kan forstå at ein del kvinner vel å fjerne han frå ringelista.

Utover det, så vel eg å ikkje kommentere korvidt filmen traff noko spiker på hovudet ang. kvinner og menn. Eg lar de vurdere det sjølv. Sjå den om de har høve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar