søndag 4. oktober 2009

Ein uroleg kjæreste?

Mette Hanekamhaug har blitt ein populær skikkelse etter ho demonstrerte eit heller ustødig forhold til kultur og litteratur i eit intervju før valet. Som den yngste stortingsrepresentanten har ho ein del å leve opp til. Ho må vere hipp og kul. Og ho må vere pen. Sistnemnte klarar ho fint. Som representant for FrP må ho vere dum. Veeeldig dum. Og der har ho allereie gjort seg bemerka, men tida vil vise om ho klarar å oppnå det nødvendige nivået av idioti vi forventar frå unge FrParar.

Ho får i alle fall nok av høve til å demonstrere ein slik idioti, men det er vanskeleg for henne å prestere i møte med lågpanna norsk journalist. Sist demonstrert av ein journalist frå VG sitt webtv. Her ramlar det inn med gullkorn, som attspeglar VGs profil for politisk stoff. "Kva slags menn likar du?" "Likar du menn som jaktar på hjort?" "Kor ofte trenar du?" "Er du kilen under føtene?" "Kva har du i veska?" "Røykar du?"

Jupp. Takk for det VG. Likevel beit både eg og VG-redaksjonen takk i same spørsmål og svar; "Er du single?", hennar svar "Eg er ugift." Noko som fortel meg at dama har type, men har ingen planar om å behalde han. Fabelakteg, eg ser for meg eitt stykk uroleg kjæreste som sitt heime i bygda no, medan Mette spring rundt på Stortinget og leitar etter ei erstatning for han.

Huff.

På den andre sida... kan det hende ho er lesbisk, og difor svarar unvikande på alle desse spørsmåla? Hmm... kanskje ho er Siv Jensens nye elskerinne.

...

Unskuld meg, eg må gå og meditere på den tanken.

6 kommentarer:

  1. "Unskuld", faktisk?

    Elles ein fabelaktig observasjon, riksmulla.

    SvarSlett
  2. Ugift, ja. Det er klart. Replikantar får nemleg ikkje gifte seg her til lands!

    Det er vel ingen tvil om at Hanekamhaug er den nyaste fembot'en i FrPs teneste. Siv-modellen ber jo etterkvart preg av å vere gamal. Så vidt eg veit er modellen gått ut av produksjon og det er vanskeleg å få tak i reservedelar.

    HKH-modellen som no skal slå seg laus på Tinget er riktignok berre ein prototyp, først og fremst designa for kommunepolitikk og lokal valkamp. Korleis modellen vil takle Stortinget er uvisst. Vi går mao. fire interessante år i møte.

    SvarSlett
  3. Kristenpornografen10. oktober 2009 kl. 15:53

    ah, nok en gang lokker captcha ordet meg til å legge igjen kommentar... "Nooduck", faen for en schwong det var i det ordet der da! Jaja...

    Håper at det dukker opp anledninger til å følge opp denne saken, det kan bli spennende.

    Nok en gang et bra innlegg, Vyrde Mullah, men med unormalt mange skrivefeil! Hva var det som distraherte deg så voldsomt?

    Fortsatt god helg!

    SvarSlett
  4. Kan vi vente ei låt med Nooduck som tittel eller tema? Vil haaaa!

    Skrivefeil er faktisk eit resultat av distraksjonar under skrivinga, men ikkje det du trur.

    SvarSlett