måndag 26. oktober 2009

Å finne kjærleiken

Eg har lenge gjort mitt aller beste for å redegjere for mine tapre naboars evige kamp for å vinne kjærleik. Dette har dei gjort, som de kan sjå her og her, ved å annonsere på veggane i bygget at dei ønskjer å finne den "rette". Då vi sist høyrde frå annonsane verka dei kanskje ein smule desperate, og det var lett å avfeie det heile som eit mislukka prosjekt. Eg har kanskje vore litt for skeptisk til sjansane for dette, gamal kynikar som eg er, for i dag kunne eg finne dette på ein av veggane.

Er dette kanskje eit teikn på ein av dei har lukkast? Er det håp for alle? Eg vert litt god og varm inni meg no. Romantikaren vaknar... kanskje eg skal gå og kjøpe blomer den spesielle jenta eg såg på andre sida av gata her forleden, ho med det lune smilet og glødande auga, strikkevotter og lærhue! Ja, ho som berre sikla minimalt! Kanskje, eg skal gjere det...

4 kommentarer:

  1. Toalettgrafittien på UiB har degenerert. Da jeg var ung student gikk det i "Det er deilig å sprute over fjortis jenteromper". Akk ja...

    SvarSlett
  2. Dette er jo mine kjære ikkje-intellektuelle naboar, UiB er framleis ein høgborg for latrinalia. Noko du vil finne om du søkjer litt heromkring.

    Eg har ikkje tid akkurat no.

    SvarSlett
  3. Ubetalelig! Du får ta kontakt selv, kanskje han er desperat nok til litt selskap av en eksentrisk mullah i riktig alder? ;)

    SvarSlett
  4. Ta kontakt? No når han endeleg har funne kjærleiken? Nei, eg vonar han har hendene fulle.

    SvarSlett