onsdag 7. oktober 2009

Halo, sa du?

Litt nerding må til i dag - det er tross alt onsdag. Og medan eg har mykje nerdete på hjartet, så skal eg spare det til seinare. Eg vil i dag tale til dykk om Halo. Microsoft/Bungie sitt populære skytespel. Opphaveleg til xbox, men så òg til PC og xbox 360, dette spelet hevder å ha revolusjonert sjangaren. Etter å ha prøvd det ein del, har eg aldri heilt forstått kva dei meiner med dette. Det er eit skytespel, og ikkje eit særleg spesielt eit. Tidvis moro er det, det skal det ha.

Sidan det første Halo har det komen to fullstendige oppfølgjarar Halo 2 og Halo 3, samt eit strategispel Halo Wars. Det siste som er ute er ein versjon av Halo 3, kalla Halo: ODST. Ein skikkeleg storsatsing, med dyre reklamefilmar på amerikansk fjernsyn og heile pakka. Og det er moro å sjå på. Meir moro enn spelet eigentleg, for eg har enno ikkje skjønt kvifor eg skal spele det.

Før no; eg fann endeleg ein variant som appellerte. Folkens, ta ein kikk på dette!
Ein mann kan drøyme, kan han ikkje?

4 kommentarer:

  1. Kan eg få Halo Kitty til PS3?

    SvarSlett
  2. Næhei! Berre til xbox 360 og rosa Nintendo DS! HA! You lose!

    SvarSlett
  3. Hahaha, dette var jo ganske så moro.
    Kanskje til og med eg kunne spelt Halo Kitty.

    Thomas Von Grunge

    SvarSlett