tysdag 6. oktober 2009

Ikkje lett å vere steampunker

Som fleire av dykk kanskje har fått med dykk, så har eg ei viss tilknytting til ein subkultur som går under namnet Steampunk. Først og framst fordi eg skriv steampunklitteratur, men òg fordi kulturen og ideane den står for står mitt hjarte nær.

Dette har etterkvart blitt ein ganske så betydleg, om enn liten kultur, med sine eigne viktige personligheter som har utmerka seg enten innanfor litteratur og kunst, eller DIY-mekking av steampunkdingsebomsar.

Ein av desse er Professor Calamity, som vert omtala som ein inspirasjon til Steampunk Magazine. Han er no fokus for ein del merksemd utanfor kulturen etter han vart arrestert av FBI, anklaga for å ha kvitra på Twitter under G20 møtet. for å koordinere dei "ulovlege" protestane.

Dette er noko myndigheitar i heile vesten har støtta opp om i Iran og andre stadar, men det er visstnok ikkje like kurant for ein enkelt steampunker å gjere når det råkar storkapitalen representert av G20. Så mykje er ytringsfridomen din verdt på internett.

Det er pokker meg ikkje lett å vere ein anarkistisk victorianar med hang for dampteknologi og messingdingser.

Du kan lese meir om det som har hendt her, og sjå eit intervju hjå raddisane i Democracy Now.

(Via BoingBoing)

3 kommentarer:

  1. Protestene i Pittsburgh, som nesten ingen har hørt at fant sted engang. Det er veldig skremmende hvor stille det var rundt de voldsomme overtrampene som fant sted.

    SvarSlett
  2. Om det er ei trøyst, så fekk eg dei med meg. Og var som alltid sjokkert. Det virker som dei går hardare fram mot demonstrantar for kvar høgare iterasjon av G7, G8 osb osb osb.

    Dette er dog helst ikkje ein politisk blogg. Sjølv om det avogtil renn gjennom litt anarkistisk vrøvl ;-)

    SvarSlett
  3. Jimi og jeg satt hjemme og tenkte hva faen feiler det folk? INGEN skrev om det eller snakket om det. Folk driter i det så lenge det ikke gjelder dem. Men det fikk jo masse bortskjemte studenter oppleve denne gangen. Jeg kan bare håpe noen av de lærte noe. Mine kontakter i USA forteller også om totalt lokk på saken. Jeg blir veldig redd når ingen reagerer.

    SvarSlett