laurdag 24. oktober 2009

Jobbintervju

Det manglar ikkje på arbeid for mullaen, og han sitt no og vurderar sin stillingsprosent for neste år. Nok av alternativ, men fritid vert det likevel lite av. Det gjer likevel ingenting, for så lenge ein arbeidar med noko ein likar, så bør ein vere takksam for at ein slepp det uendelege jobbjaktprosessen. Særleg om ein søkjer stilling i meir eller mindre eksentriske offentlege og private institusjonar. Ikkje berre er det eit kav å kome seg til intervjuet, men intervjuet i seg sjølv kan vere eit sirkus utan like. Mullaen har fleire gonger vore på intervju, der hans dåverande sjef var ein av dei som skulle intervjue han. Ikkje lett å lyge på seg effektivitet han ikkje har då, nei, eller entusiasme for gjeremål som han ikkje alltid er like begeistra for. Det har likevel gått han vel her i livet, takka vere eit langt skjegg og eit klokt flir. Mullaen er takksam for at han aldri meir skal oppleve dette på jobbintervju;

9 kommentarer:

  1. Hils og si at du bør få full lønn for halv jobb, så du får mer tid til å blogge!
    Bruk gjerne dette som referanse.

    SvarSlett
  2. Eg har prøvd den tidlegare, fall ikkje i god jord. Vurderar 100% for å lette litt på arbeidsbyrda på resten av instituttet.

    SvarSlett
  3. Kristenpornografen25. oktober 2009 kl. 08:32

    det bloggen unlater å nevne, er det eventuelle prospektet å bli jobbinterviewet av Mullahen; hvordan ville dette ha foregått?? Brrrr, nå kommer jeg til å fantasere om det resten av dagen...

    SvarSlett
  4. Så lenge du er sikker på at det faktisk VIL lette arbeidsbyrda på resten av instituttet, så er 100% lønn ... eh jobb, en god ide.

    SvarSlett
  5. Svein: Ja, det er nok garantert at det vil hjelpe. Framleis raudgrøn-regjering har gjort framtida mørk arbeidsmessig.

    Kristenpornografen: Vart det ein tilfredsstillande fantasi i natt? Å verte intervjua av meg er sjølvsagt kjempehyggjeleg og avslappande. ALLAHU AKBAR!

    SvarSlett
  6. "Framleis raudgrøn-regjering har gjort framtida mørk arbeidsmessig."

    Hva er det du vet som de ikke forteller meg?
    Jeg er offentlig tilsatt, og stemte jo rødgrønt for å være sikker på å beholde jobben!

    *Vart skræmt no ja!*

    SvarSlett
  7. Eg jobbar på eit universitet veit du, den raudgrøne regjeringa hadde ikkje attkjent forsking og høgare utdanning om det så kraup opp i ræva deira og hekka!

    Jfr. tidlegare innlegg om tema.

    SvarSlett
  8. Sant, sant, og beklager min nærsynthet! Jeg var mest opptatt av å stemme på noen som ikke vil begrense innvandringen for mye, for jeg jobber med norskopplæring for fremmedspråklige, og tenkte å vente et par år med å førtidspensjonere meg.
    Den rødgrønne "satsing" på forskning og høyere utdanning er mildt sagt pinlig.

    SvarSlett
  9. Pinleg... skammeleg... hårreisande.

    Jommen glad eg har klart å kapre meg faste prosentar før alt rakna.

    SvarSlett