måndag 19. oktober 2009

Laibach, sa du?

Kvifor er det ingen som fortel meg slikt? Kvifor må eg lese om slikt i bisetningar? La oss berre seie det med ein gong. Ingen skal skulde meg for å hale ut tida, nei. Når eg har noko å seie, så seier eg det med ein gong. Driv ikkje og pakkar det inn i mykje tompreik. Ikkje denne mullaen, nei. Her er det rett på sak. Absolutt. [Men hugs å sjekke oppdateringa nederst på sida, lagt inn no]

Kvar var vi?

Å jo.

Laibach lagar soundtrack til Iron Sky?! Kunne det blitt betre?

No er det kanskje eit par av dykk som lurar på kvar denne iveren kjem frå. Spørsmåla lyder vel som så - kva er Iron Sky? Og kva er Laibach?

For dei av mine lesarar som ikkje veit kva Laibach er, så er det rett i skammekroken. Eit innlegg som definerar desse slovenske kunstnarane er... umogleg. Dei er hinsides ein klår definisjon. Og slik skal dei vere. Dei er "avhøyrsmaskina". Dei stillar spørsmåla, vi skal svare. Og det er for vår eiga vinning. Dei er her for å halde opp speglet. I løpet av snart 30 år har Laibach provosert og underminert alle politiske og popkulturelle uttrykk, frå sine tidlege dagar i konfrontasjon med kommunistpartiet i Yugoslavia (i form av rein hyllest av den totalitære stat) til sine basketak med Beatles, Rolling Stones og Queen. Den eine populærkulturelle formen etter den andre fekk gjennomgå gjennom 90-talet og tidleg 2000-tal. Dei siste prosjekta har retta seg mot nasjonalkulturar i Europa, og meisterkomponistane Bach og Wagner. Med hard hand avkler dei all ideologisk pynt og avslører den grimme sanninga. Og vi lærar oss å nyte det. Å marsjere i takt til deira suggererande rytmer, og ordrer om underkasting til populærkulturens totalitære ånd.

Akk... eg frådar her eg sitt.

Iron Sky, sa du? Jo. Det er eit Wreck-a-Movie-prosjekt frå finske Timo Vuorensola som eg hadde gleden av å intervjue om prosjektet i fjor. La oss ta det kort; Wreck-a-Movie er film på dugnad. Eit online nettverk der ein kan bestille ressursar og innspel frå frivillige som ønskjer å bidra til ein film. Slik kan filmar lagast på minimalt budsjett. Inspirasjonen kom frå Vuorensola sin førre film, Star Wreck: In the Pirkenning, som var ein udelt og overveldande internettsuksess. Ein film lagd på null-budsjett, distribuert gratis på nett. Eit anna Wreck-a-Movie-prosjekt på veg er Norwegian Ninjas, eller Kommandør Trehold og Ninjatroppen. Tittelen seier alt. Hovudinnspelinga av denne er ferdig, og filmen vil ha premiere neste august.

Så var det Iron Sky då. Eg har vist videoen før, det er eg sikker på, men ein kjapp kikk på denne teaseren frå mai 2008 fortel deg alt du treng å vete. Eigentleg.


Nemleg! Og alt eg har sett etter denne teaseren vart laga ser fabelaktig ut. Ingen tvil om at vi har ein klassikar på gong.

Og Laibach er perfekt for jobben. Å glede!

[Oppdatering: For ein gongs skuld var det kanskje ein god grunn til at ingen hadde fortald meg dette. Det var visst ikkje meininga at eg skulle verte fortald. Eller nokon andre for den saks skuld. Kort etter eg annonserte mi oppdaging vart eg kontakta av Energia, produksjonsfirmaet bak Iron Sky som spurde meg kvar eg hadde høyrd dette. Eg hadde jo sjølvsagt ikkje anna val enn å presentere mi kjelde (eit presseskriv med turneinformasjon frå Laibach der informasjonen var godt gøymd innimellom mykje anna dill). Energias talsmann kunne sjølvsagt ikkje seie anna enn at kjelda var god, men ville ikkje uttale seg om innhaldet anna enn: "Wouldn't that be awesome". Det er det vi i journalistiske kretser omtalar som "Ingen kommentar." Etter mykje press... nekta han framleis å bekrefte eller avkrefte informasjonen min. Med eit nøgd glis. Eit emoticon i alle fall. Så ja, det kan forklare kvifor eg ikkje har fått vete dette før. Så de høyrde det her først, frontmannen i Juno Reactor har dratt med seg Laibach på å lage musikk til Iron Sky. Og borna fryder seg.]

[Oppdatering2: Eit halvt år seinare, innrømmer dei at filmmusikken skal lagast av Juno Reactor og Laibach. Dette etter at filmens andre teasertrailer inneheld ein variant av Laibachs cover av 'Bmashina', opphaveleg ei heller kjip låt av det slovenske grungebandet Siddharta]

6 kommentarer:

  1. Er teaseren frå 2008 framleis det einaste dei har å vise fram?

    SvarSlett
  2. Nei, men det er det beste audio-visuelle materialet. Filmen er framleis i pre-production, så det er lite video, men mykje anna stæsj som ser bra ut om du sjekker ut sida deira.

    Dette innlegget vil straks verte oppdatert, no når eg har fått produsentens reaksjon.

    SvarSlett
  3. minn meg på dette når den er tilgjengelig, sant? Det ser ut til å bli verdig en helften. :)

    SvarSlett
  4. Sjølvsagt! Det er nok ei stund til, dei tar seg gooood tid.

    SvarSlett
  5. Kristenpornografen19. oktober 2009 kl. 20:52

    Ho ho ho, nyyydelig filmklipp det der! Gleder meg!

    SvarSlett
  6. Og eit halvt år seinare innrømmer dei det =)

    SvarSlett