fredag 16. oktober 2009

Nestbest?

Eg innsåg herforleden at eg er (berre) Noregs andre mest berykta mulla. At det er berre mulla Krekar som fleire har høyrd om, og har tankar om. Eg er litt usikker på korles eg skal forhalde meg til denne kjennskapen; er dette noko eg kan slå meg til ro med? Ein god andre plass? Eller er det ei oppmoding til at eg skal tilkjempe meg fleire tilhengjarar? Skal eg rive mulla Krekar ned frå trona? Eller skal eg la han sitte i fred?

For det slo meg... mulla Krekar er etterlyst. Ønskja av internasjonale politimyndigheiter. Eg er ikkje. Tyder det at eg ikkje er ønskje i det heile?

Det har haldt meg vaken no i fleire dagar... kan eg vere den nestbeste mullaen?

Det heile får meg til å tenkje på denne visa av Benny Borg...

9 kommentarer:

  1. Du har mye å leve opp til... :)

    SvarSlett
  2. Jeg vet ikke om jeg vil ha noen annen enn den nestbeste mullahen i Norge som min mullah. Det blir så krevende med den beste, liksom. Vi liker deg som du er :D

    SvarSlett
  3. Akk... må eg leve med det altså? Det er så trasigt å ikkje nå heilt opp, å aldri bestige sigerspallen... på den andre sida er Krekar ein grepa kar, og merksemda han får er velfortent.

    SvarSlett
  4. Kjære deg, du er i alle fall den eneste mullahen i mitt hjerte! Finere skjegg har du òg :-)

    SvarSlett