laurdag 17. oktober 2009

Pandabæsj til besvær

Nyleg kunne vi avsløre ein sjeldan nytteverdi for pandaenes avføring, som vi menneske bør satse på. Pandaavføring er spesielt, fordi pandaene insisterar på asketiske måltid av bambusskot. Noko dei altså ikkje er utrysta til å fordøye. Dei fordøyer faktisk berre 20% av dette.

Deira avføring består difor i stor grad av bambus og fiber, i tillegg til ein særs spenstig bakterieflora.

Av dette skjønner ein òg at det vert ganske mykje avføring av dette, når mesteparten av det dei sitt og tygg på heile døgnet går rett i gjennom. Pandaer er, for å seie det enkelt, fulle av drit (Ha det i tankane neste gong dei har hypnotisert deg til å tru at du vil klemme dei).

Pandamonium, den utspekulerte pandakonspirasjonen for å ta over verda, har vore fullt klar over at vi menneske kan ha bruk for denne avføringa, og har difor gjort sitt for at den vert kasta vekk på unyttige ting. Som kitsch.

Dette vart eg klar over då eg gjorde research til det førre pandabæsjinnlegget. Nokre "skarpe" sinn fann ut at sidan pandabæsj består av bambus og fiber, så kan ein lage ting med dei. Som kitsch-figurar dei kan selje til turistar. Ja, det er pandabæsj du ser på biletet der oppe. Det går for det meste i søte tablåer som desse pandaene som speler ping pong;
Dei har òg ein del teikningar og slikt...
Medan vi sitt her og grøssar av tanken, så tryggjar produsentane folk om at lukta ikkje er plagsom. Pandabæsj luktar ikkje mykje meir enn bambus, og dei har parfymert dei verste syndarane. Og ser du grønfargen der oppe? Vel, eg har sett grøn pandabæsj.

Fleire salsgjenstander finn du avbileta her, på ei side dedikert til avgudsdyrkinga av desse heslege svart-kvite vesna!

Kan det vere noko som helst tvil om at den einaste årsaka til at dette vert produsert, og at til at folk faktisk kjøper det, er at Pandamonium driver ein massiv hypnotisk kampanje for å overtyde svake sinn om at alt som har med pandaer å gjere er søtt! Slå alarm!

Før du får pandabæsjkitsch til jul! Hugs! Vi treng pandabæsjen til nyttigare ting!

3 kommentarer:

  1. Vel, hvis planen er å hindre menneskene i å utnytte pandaekskrementenes gode egenskaper, kan den da ikke være særlig vellykket? Julegaver som dette havner vel erfaringsmessig ofte i søpla, og det er akkurat der de gjør mest nytte for seg.

    SvarSlett
  2. Du har fått australske allierte i kampen mot pandaene: http://www.youtube.com/watch?v=R0DdzmBSezQ

    Selv er jeg avventende. Hverken jeg eller noen jeg kjenner har noen gang blitt skadet av en panda. Jeg tror kanskje du overdriver faren.

    SvarSlett
  3. Martinbg: Men følgjer bakteriefloraen med? Eller har dei utrydda den på vegen mon tru?

    Bjørn: Fin video. Den legg vi ut.

    Men dette er ikkje eit tidspunkt å vere avventande på. Hugs deira viktigste våpen er ikkje deira massive og sterke kjever, men deira hypnotiske kraft som dei nyttar til å få deg til å tru at dei er ufarlege! Du må stå i mot Bjørn. Du klarte kanskje ikkje å stå i mot Siv Jensen, men pandaene er langt farlegare ;-)

    SvarSlett