søndag 11. oktober 2009

Pris til pandabæsjforsking!

Medan verda framleis går rundt og lurar litt på kva Obama skal med ein tullepris som Nobels fredspris, har den ganske så prestisjefulle IgNobelprisen òg blitt delt ut no nyleg. Denne prisen går først og framst til forsking på områder som forskarar flest overser. Som korvidt det er betre å verte slått med ei full ølflaske enn ei tom ei.

Blant årets vinnarar finn vi Fumiaki Taguchi, Song Guofu, og Zhang Guanglei frå Japan, som gjennom grundige studiar har funne at bakteriar henta frå pandaavføring kan redusere normalt kjøkkenavfall med opp til 90%.

Dette er eit enormt gjennombrot i studiet av dyrearten vi til no berre har opplevd som bortkasta plass, overflødige kjøttposer og unødvendige oksygenkonsumentar. No kan det altså tyde på at vi bør halde på ein bestand av ca. 10-15 pandaer. Under nøye overvaking, slik at Pandamonium aldri oppstår att. Dette må vel roe dei dyrevernarane der ute som hittil ikkje har vore villige til å ta opp kampen mot Pandamonium?

Når det gjeld årsaka til dei effektive bakteriane, så kan ein jo spankulere i at det er resultatet av at at pandaer a) et berre bambusskot, noko dei ikkje kan fordøye og b) dei sjølv kan vere ein form for høgt utvikla, telepatisk bakteriekultur.

Det trengst uansett meir forsking både på pandaens natur og på pandabæsj. Mitt mål no: Å fange ein i live, og tvangsfore han med bambusskot. Her skal kjøkkenavfallet mitt til livs!

6 kommentarer:

  1. Fange en i live??? Er du klar over hva du sier? Har du ikke studert hverken Matrix eller Battlestar Galactica nøye nok til å se at det alltid er slik alt sammen begynner?

    SvarSlett
  2. Det er risikabelt... men eg må!

    Kan hende vi kan avsløre ein svakhet? Eit vis å nøytralisere bakteriefloraen som held dei i live!

    SvarSlett
  3. Jeg synes ærlig talt at ideen om å bringe en lys levende panda til det foreløpige pandafrie Norge er å leke med livet - ikke bare ditt eget, men hele befolkningens. Spørsmålet bør i hvert fall legges ut til folkeavstemning først, i likhet med CERN der en velopplyst befolkning aldri fikk sjansen til å si sin mening.

    SvarSlett
  4. Eg trur det greiaste her er å nytte oss av dei internasjonale avtalene vi har; vi kan utføre dette i eit skjult fengsel i Bulgaria, Kina eller Syria. Eventuelt Guantanamo.

    SvarSlett
  5. Og utsette uskyldige bulgarere eller cubanere for rømte superpandaer?

    Nei, i så fall er det bare ett sted for såpass risikabel forskning: Frankrike!

    SvarSlett
  6. Aha! Eit verdig kompromiss!

    Frankrike it is!

    SvarSlett