søndag 25. oktober 2009

Søndagsbiffen

Ikkje så mykje film i dag, men noko vart det jo tid til. Ein må jo ta seg tid til å leike litt når det er søndag?

Vi stakk snuten innom kinosalen for å sjå Terry Gilliam sin siste prestasjon, The Imaginarium of Doctor Parnassus. Ein heller tradisjonell Gilliamfilm utan dei store overraskingane om ein har sett noko av hans føregåande arbeid. Her er det fantasi og røyndom i god blanding, mykje fargar og fine karakterar. Karakteren som utmerka seg mest var Djevelen, meisterleg spelt av Tom Waits. Filmen ber preg av at Heath Ledger døde då ein tredjedel av filmen var innspelt, og vart erstatta av Johnny Depp, Colin Farrell og Jude Law. Eit besynderleg trekk, som kanskje kan skape litt dissonans i filmen. Historia er enkel; ein gamal munk har fått evig liv av Djevelen, og går stadig vekk inn i nye veddemål med denne kjeltringen. Han reiser rundt med sin dotter, sin dverg og Anton med eit 1800-tals "sideshow" og... vel... underhaldar ikkje massane. Og der byrjar den soga. Den er ikkje på langt nær så god som hans tidlegare filmar, men om du likar hans draumeaktige bilete, og den litterære victorianske eventyrtradisjonen (og estetikk) så er det kanskje noko her du vil sette pris på.

Etter eit kjapt måltid venta det som er for meg det kjekkaste ved BIFF. Det er to temaer som går att, midtausten og homofili. Og når eg får beggje i ett, så er eg nøgd. Eyes Wide Open fortel historia om to ortodokse jødar i Jerusalem som vert forelska. Deira begjær er sterkt, og risikerar å øydeleggje liva deira, slik som hør og bør i eit slikt filmunivers. Filmen er eit artig, men sørgmodig, skråblikk på ortodoks jødedom i Israel, og kva den kan kreve av offer for enkeltmenneske.

Om du lurar på om du skal sjå den, så tenk på følgjande. Kva er betre enn å sjå klining og sex med ein skjeggete mann? Jo! Klining og sex med TO skjeggete menn! To tomlar opp for dette! Vi skjeggete menn er best, og eg må jo innrømme at det er ein viss logikk i at berre det beste er bra nok for dei beste.

Noko å meditere på når eg tar kvelden for denne gong. Arbeidsveke i morgon.

2 kommentarer:

  1. Kristenpornografen25. oktober 2009 kl. 23:31

    Hvorfor skrive lange filmanmeldelser når man kan gjøre det så kort og poetisk som dette her? To tomler opp, indeed!

    SvarSlett
  2. At senga lokka, var vel ein faktor òg trur eg.

    Utover dei reint poetiske omsyna, sjølvsagt ;-)

    SvarSlett