torsdag 1. oktober 2009

Venstres snuoperasjon

Valet er for lengst over, så eg veit eg burde snakka om noko anna, men etterspelet er alltid like interessant. Korleis vel partia å posisjonere seg? Kva gjer partia som vann fleire mandat? Korleis handterar "taparane" sin situasjon?

Den store taparen i årets val var partiet Venstre, kjend for å halde årsmøta sine i bøttekott rundtomkring i landet. Dei har gått gjennom mykje rart sidan valnatta, då deira oppblåste og ekstravagante leiar, saubonden Lars Sponheim valte å trekkje seg frå leiarvervet. Veljarane på si side, reagerte med å melde seg inn i partiet i hopetal. I løpet av det første døgnet etter valet meldte over 1000 menneske seg inn i minipartiet. Sjølv om det er tvilsomt dette vil ha noko synleg effekt i framtida. Ein vert sittande å undre seg - kva no for partiet Venstre? Korleis har dei det eigentleg?

Eg snubla over ein videosnutt av partiet i desse dagar, som eg trur fortel heile soga.

3 kommentarer:

  1. Daakar liten! Men han er inne på noe: Rulle seg stadig raskere fram og tilbake mellom venstre og høyre, til man tipper over.
    Og for å tippe over, må man bøye forbeina, ikke holde dem utstrakt.
    Jøss - her var det mye felles med Venstre!

    SvarSlett
  2. Det ultimate beviset på at same kor vinglete Venstre viser seg å vere, så er dei uhyre søte.

    SvarSlett
  3. Svein: Ja, sant? Eg har alltid hatt ein greie for aktuelle politiske dokumentarar.

    Sinnsfrisk: Venstre er eit nusseleg lite parti. Eg lurar på om eg må skaffe meg eit venstremenneske.

    SvarSlett