torsdag 19. november 2009

Den norske adel slår attende

Den alltid like taleføre, kreative og bleike Grev Varg Vikernes har stilt seg på barrikadane nok ein gong, med eit sjølvskriven presseskriv som presenterar hans komande plate - "Den Hvite Guden".

Presseskrivet inneheld gullkorn av det slag vi ventar oss frå eit intellekt som Greven. Her anklagar han dagens black metal for å ha ingenting med det black metal-miljøet han i si tid var ein del av, og prøvde å gjer seg til talsmann for. Nei, dagens black metal-musikarar ravar rundt som negrar, i følgje den nyleg frislupne adelsmannen, og oppførar seg generelt som homofile (sjå illuststrasjon).
"The 'black metallers' will probably continue to 'get loaded,' 'get high,' and in all other manners too behave like the stereotypical Negro; they will probably continue to get foreign tribal tattoos, dress, walk, talk, look and act like homosexuals, and so forth."
Så sant, så sant... korleis dette skiljer seg frå hans eigne samtidige har eg litt vanskeleg for å forstå, men mannen insisterar på at slik er det. Og i følgje han sjølv, så veit han desse tingene best. Han er tross alt Greven!

Resten av presseskrivet er via til den komande plata, som i følgje han sjølv mest truleg er ganske lik alt anna han har gjort, og nokon vil like det, og andre ikkje. For eit klårsyn! Plata handlar om den kvite Guden i europeiske religionar (jaha?), og er til for at staute kvite europearar (og ein handfull slavarar visstnok) som ønskjer å ha tenkje gjennom ideane Grevens komposisjonar presenterar.
"It is not intended for play the 'low-brow metal' style, but instead I imagine a listener willing to sit down, ideally in solitude, and think for a minute, about the White God and our forebears, whether they were Picto-British, Finnish, Gallic, Greek, Roman, Scandinavian, Scytho-Slavic, Daco-Thrakian or whatever, and about their magnificent, intelligent, positive, beautiful, healthy and strong culture. I try to help you create an image of this with the help of your own mind, by offering a few clues and guidelines. The album is political only in the way that it offers an alternative to the depravity offered to us by the intrusive popular culture and the commercial entertainment industry — and by modern so-called black metal, for that sake."
Eg trur det essensielle her er at lyttaren skal sitte og tenkje eit minutt. Eitt minutt. Eg mistenkjer at målgruppa vil finne det smertefullt å overskride 60 sekund. Det heile er for effekts skuld basert på hans eiga upubliserte storverk om skandinavisk trolldom og religion. Kvifor eit så openbart viktig verk er upublisert må du ikkje spørje meg om, det inneheld sikkert fleire gullkorn. Gullkorn vi berre kan vente oss fleire av no når "I am no longer imprisoned by the criminal anti-Norwegian regime in Norway."

Og slik er det med den norske adel. Det lille som er av den.

(Takk til Lydverket for å ha gjort meg merksam på den glade nyhenda)

12 kommentarer:

  1. "Our for-bears". Hvem er disse bjørnene? Er det de som leser korrektur på dypsindighetene? Er det ikke kosher å bruke korrekturfunksjonen i Word?

    SvarSlett
  2. Vi har jo alle prøvd å sette inn i "den nye nasojnale rett skrivinga" ved tidlegare høve ;-P

    SvarSlett
  3. Hva mener du med ny nasjonal rettsrivning? Tidligere forsøk på å erstatte det kothske knot? No er jeg, i likhet med gutter og gjenter over hele landet, spent på å høre svaret!;)

    SvarSlett
  4. Eg sa "den nye nasojnale rett skrivinga".

    Ikkje noko nasjonal her i garden ;-P

    SvarSlett
  5. "[...] behave like the stereotypical Negro".

    Hvilken del av 'BLACK metal' er det han ikke forstår?

    SvarSlett
  6. No må du ikkje vere slem med adelskapen! Han var jo der ved byrjinga, eg har sett bileta... og tru meg, vekta var i gamle dagar lagt på homofili, ikkje på afrikansk stil ;-)

    SvarSlett
  7. Dere kortskallede jødelakeier av noen idioter! Selv dere må da skjønne at langskallede ariere som Varg, som aldri lot sin sjel bli fanget av norsk ZOG-gulag, heller ikke lar seg bli fanget i det engelske språket.

    SvarSlett
  8. Ja, vi får bøye våre korte skallar i støvet for dette prakteksemplaret av arisk perfeksjon!

    SvarSlett
  9. Kristenpornografen22. november 2009 kl. 20:33

    Hehe, godt å ha ham tilbake; tror vi er sikret masse god underholdning i tiden som kommer!

    O glede!

    SvarSlett
  10. Ja, no kan vi vente oss mykje homofri black metal...

    SvarSlett
  11. Huff... eg klarte ikkje å la det vere, Arnfinn. Ikkje når du seier det på det viset;
    http://profetenhastur.blogspot.com/2009/11/metal-no-homo.html

    SvarSlett