laurdag 14. november 2009

Den russiske matrisa

Denne filmen har gått sin sigersgong over verdsveven den siste tida, og det med rette. Den er faktisk ikkje så reint lite artig. Ein må nesten bøye seg i støvet for våre vennar i aust som har klart å sause saman denne stumfilmversjonen av 90-talets store suksess The Matrix. Og det med sjølvaste Charlie Chaplin i hovudrolla.

Det er minst like mykje å analysere i forholdet mellom original og parodi, som det nokon gong var i originalen. Ein må spørre seg - er Charlie Chaplin valt berre fordi han er ikonisk for stumfilmtida og slapstick? Eller skal ein òg ta med i biletet at Chaplin var ein ivrig revolusjonær kommunist, som tidleg såg farane ved den fascistiske stat? At denne filmen kjem frå Russland finn eg òg interessant; då The Matrix iscenesett filosofien til Mikhail Bakunin den russiske rivalen til Karl Marx i den første internasjonale. Filmen henvis frå byrjinga av direkte til den franske postmodernisten Jean Baudrillard sine skriveri om Bakunin, og hans revolusjonære filosofi. Dette er ein grunnleggjande anarkistisk filosofi, som gjerne er kjend som russisk nihilisme eller revolusjonær nihilisme, og Bakunin vert av mange anarkjend som terrorismens far. Politiske drap og bombeattentat skulle skremme borgarskapen, og alle som kom i vegen for den revolusjonære var òg ein del av systemet. Ein del av problemet.

Ein filosofi som heilhjarta vert omfamna av filmens heltar; terroristane som kjempar ein nobel og nådelaus kamp mot det fascistiske tyranniet som den borgarlege ideologi og medvite er, i filmen representert av ein digital verd kalla the Matrix. Charlie Chaplins Neo er ein arbeidar, som gjennom kontakt med ein anarkistisk filosof ser gjennom ideologiens slør, og kan sjå strukturen som ligg bak. Eit ontologisk sjokk finn stad i det Neo opplev at han kan endre verda, han kan bryte ned borgarskapets struktur og verda som er tvungen på han. Den frigjordte arbeidar er ikkje berre ein effektiv revolusjonær, han er ei guddomleg kraft. Ei historisk kraft som vil omvelte alt.

Og om du trur du har ei betre tolking, så lurar du deg sjølv. Ta deg ei bolle!

2 kommentarer:

  1. Det er ikke bare The Matrix som er en opplagt kopi av en gammel stumfilm.
    http://www.youtube.com/watch?v=GXEKb7-Bkwg

    SvarSlett
  2. Herleg! Takk for tipset! Den går rett ut i bloggen som eit eiga innlegg tenkjer eg... treng den eigentleg analyse? ;-P

    SvarSlett