fredag 13. november 2009

Fokus for kvelden

Kort tid etter at eg hadde gjeve ei kort omtale av det nederlandske progrockbandet Focus vart det kjend at dei skulle ut på turnè att. Og denne turneen kom til å ta dei til Bergen. Diverre vart konserten avlyst, men det gjorde meg strengt tatt ingenting sidan eg var i London på tidspunktet. At konserten vart satt opp på ny i kveld var derimot ekstra gledelege nyhende og resulterar i at eg må hive på meg støvlene og springe ut for å jodle litt.

Dette sjølvsagt i påvente av at vår venn Dekodet skal få ut fingen og skrive ein lengre presentasjon av bandet, slik han lova han skulle gjere når det vart kjølegare. Og her eg sitt og frys på tærna, og høyrar rapportar om snø i mindre siviliserte delar av landet, så må eg vel kunne påstå at tida er inne? Det er tross alt vorte frykteleg mykje kjølegare no enn i somar.

Vi ventar, Bjørn Are!

3 kommentarer:

  1. Helt enig! Det er snø her på Kløfta!!

    SvarSlett
  2. Du, Svein, dette er ikkje staden for griseprat, veit du ;-)

    SvarSlett
  3. Gris er harram, så det ville jeg aldri finne på på din blogg, Oh Ærerike!

    SvarSlett