søndag 1. november 2009

Fordi kjærleiken er evig

Som gamal kynikar er eg framleis grepen av undring om at kjærleiken tydlegvis blomar i nabolaget mitt. Frå å ha nytta veggene i bygget til å etterlyse nokon å vere nær og nokon å... kopulere med, har ein av mine naboar i det siste kunne annonsert sin kjærleik til ein "Bunny" på dei sjølvsame veggane. Det er neste for utruleg, og ein må jo undre seg korleis Bunny forheld seg til dette. Svaret er, utruleg nok i mine auge, at ho attgjeldar kjenslene. I alle fall om ein skal tru følgjande beskjed etterlatt av henne;
Ja, slikt kan jo kven som helst verte varm i trøya av. Ein kan jo godt forstå at mottakaren av dette svaret gjerne vert litt reven med. Han kan jo ikkje gjere anna enn å opne sitt hjarte for Bunny og heile verda;
Sanneleg seier eg, kjærleiken må vere evig!

14 kommentarer:

  1. Du er ingen kyniker! Du er en ordentlig romantisk godklomp, er du!

    (Og når ordbekreftelsen er "nonons", så må du bare slutte å late som noe annet).

    SvarSlett
  2. Pøh! Ein kald kynikar seier eg!

    Mine naboar lurar seg sjølv!

    SvarSlett
  3. Ha ha ha ha..ekte kynikere ville aldri tatt seg tid til å fundere sånn på hva andre holder på med og fremstille det på så utstudert romantisk vis... ha ha ha ha
    Dra lengre ut på landet, kanskje noen tror deg der.
    No homo!

    SvarSlett
  4. Først: Insinuerar du at det er homo å dra ut på landet?

    For det andre; eg er ein skrivefør mann. Eg er i stand til å sette meg inn i verdener eg ikkje deler.

    Din troglodytt.

    SvarSlett
  5. Vel,uttrykket er vel ikke det som kan kalles et "symbol" akkurat,så da er ikke uttrykket bærer av et strengt ikke-arbitrært meningsinnhold.
    Din skriveførhet er det ikke noe å si på nei.
    Hm...til slutt må jeg spørre, ut av ren nysgjerrighet; har du brukt MP eller MT for å komme frem til den konklusjonen der? :)

    SvarSlett
  6. MT? MP? Eg kjem rett frå førelesing om vibratorar, og lønna eg fekk var ei flaske vin... så eg skjønner ingenting av det du seier akkurat no.

    Du burde heller ha vore på førelesinga mi i staden for å sitte her og vrøvle.

    SvarSlett
  7. Jeg går ut fra at forelesningen gikk bra da? Siden du er i såpass godt humør mener jeg.. Men:
    I love it when you talk dirty to me
    <3

    P.s Sjekk logikk for hvermannsen

    SvarSlett
  8. Det er vanskeleg å la vere å snakke skittent til ein sexy kommentator som deg ;-)

    Eg spring diverre ikkje ut for å hente bøker for å finne ut kva enkle forkortingar stå for. Du kan heller fortelje meg kva du meinar. Eg las Arne Næss eg i mi tid. Og det er lenge sidan.

    Og ja, førelesinga gjekk bra. Du burde ha vore der. Publikum var særs nøgde... tilfredsstilte om du vil.

    SvarSlett
  9. Modus ponens og Modus tollens, love..

    Fantastisk å høre at du klarte å tilfredsstille en hel folkemengde med 5 brød og 2 fisk..
    Miraklenes tid er så langt ifra forbi. Hvis du kan gjøre det trikset, hva er det så du ikke kan gjøre mirakelmann? ;) Skulle ha vøri der skjønner jeg..

    SvarSlett
  10. Åååh. Då så. Då anar eg ikkje kva det har med saka å gjere ;-P Du insinuerar ein samanheng mellom homofili og å dra på landet.

    Ja, du skulle nok ha vore der. Kva eg ikkje kan gjere? Hm. Det er ikkje så mykje, men det må noko vere å skuffe. Eg klarar simpelthen ikkje å skuffe nokon ;-)

    SvarSlett
  11. Nei,det er det du som gjør:P
    Jeg brukte bare "formen" "No homo" som en bekreftelse på at du for ALL del er en kyniker og ikke romantiker vel!;) Og så synes jeg konklusjonen din var hysterisk morsom(troglodytt)og lurte på hvordan du kom fram til den:)

    Forøvrig har du nå avslørt deg selv som en ikke-kynisk løgner. Har du lyst til å vite hvordan jeg kom fram til den konklusjonen kanskje?
    Till next time godklomp <3

    SvarSlett
  12. Ja, sanneleg, no vart eg nyfiken! Korleis kom du til konklusjonen om at eg er ein løgnar?

    Eg veit ikkje heilt om du forstår bruken av "No homo" ;-P

    Og det gjer deg til ein troglodytt, nemleg! Dessutan er det eit fint ord. Prøv det. Sleng det i det neste mennesket du treff!

    SvarSlett
  13. Beklager at jeg ikke fikk svart deg før love, det skyldes den koselige løgnen de fleste av oss deltar i og bidrar til i denne måneden.
    For å ta det siste først: "No homo" brukes som en *disclaimer* sant? Så det kan lett overføres til andre sammmenhenger også, men vil ikke kunne forstås med mindre man vet om referansen naturligvis.
    Ang.det første:
    Et sitat av Oscar Wilde kan gi et hint: "A cynic is a man who knows the price of everything and the value of nothing".
    Resten klarer du å legge sammen selv vil jeg tro.
    God Jul til deg Godklomp:)<3

    SvarSlett
  14. Jula tar på hjå deg òg ja? Du har ikkje klart å filosofere og tulle deg gjennom advent? ;-)

    Folk må gjerne sitere Oscar Wilde. Han var morosam han, men han var òg ein seksualforbryter. Han kjøpte seg sex av litt for unge menn, til å kunne uttale seg om kynisme og moralske verdiar ;-)

    Så eg sitt framleis og lurar på kva som gjer meg til løgnar og kynikar.

    Godklump godtar eg, søta. For det er eg jo.

    SvarSlett