onsdag 18. november 2009

I Hello Kitty si teneste

Det er dei som hevdar, mot betre vitande må eg anta, at Hello Kitty er feminint og veikt. At denslags pusekatter manglar maskulin slagkraft. Dette kan ein ikkje anna enn å fnyse av. Hello Kitty er ei mektig kosmisk kraft, og eit førebilete for ekte menn. Kvifor elles la henne besmykke dine våpen?

Det er difor fullstendig utan skam, men med enorm æresfrykt eg kan henge mi nye krigsfane opp på mitt kontor. Under dette kan eg gå til åtak på dei problema arbeidskvardagen har å by på. Og under denne fana kjem eg til å sigre ein gong for alle. Alle utfordringar vil vere som luft i min veg, og all motstand skal knusast til støv under min rosa støvlehel! For siger! For Kitty! SIEG KITTY!
Denne fana, som eg no vil kjempe under var ei gåve frå ein av mine yndige kolleger som har vore ute på reis. Ein må berre anta at ho har sett lyset, og no vil vie sitt liv til denne nihilismens Gudinne!

Frykt henne! Frykt meg, og mi mektige krigsfane!

4 kommentarer:

  1. Du har ikke fått vite hva de symbolene på fanen din betyr? Er det bare Hello Kitty? Noe annet, eller er det av mindre betydning?

    SvarSlett
  2. Du sa? Min japansk er så rusten at den har smuldra opp.

    Så ikkje spør meg... men kanskje eg skal tatovere det på ryggen?

    SvarSlett
  3. Det betyr "safety first", ingen dårlig tanke i disse tider. BTW, som julegaveforslag, hva med sakene fra denne gale svensken

    SvarSlett
  4. Då har eg lært noko i dag òg ;-D

    Og no veit eg kva eg skal kjøpe alle mine vennar til jul!

    SvarSlett