laurdag 7. november 2009

Kjærleiken er død

Til dei som trudde at kjærleiken verkeleg var evig, så har eg triste nyhende frå min nabos kjærleiksliv. Den kalde harde sanninga er at skriften nok ein gong er på veggen.
For å seie det enno tydlegare...

Den siste tidas blomstrande kjærleik har nådd sin haust. Kva enn som har skjedd mellom min nabo og hans utkåra Bunny kan vi berre spekulere i. Har ho funne nokon andre? Har ho svika henne? Oppdaga ho drikkevanane hans? Hadde han dårleg hygiene?

Spekulasjonar er til inga nytte. Realiteten er klar. Deira namn er viska ut av kjærleikens bok. Det er over, og der ein gong deira lidenskap var nedteikna, er det no berre blanke sider til evig tid. Og her kjem vinteren...

4 kommentarer:

  1. trist at det skulle ende slik.

    SvarSlett
  2. Det kan være fristende å sitere the Magnetic Fields:

    "The book of love is long and boring
    No one can lift the damn thing"

    SvarSlett
  3. Og du er jo mannen til å gje etter for alle fristelsar, ikkje sant Lord Buckethead?

    Og til Svein og Teppefaen så må eg sjølvsagt seie meg einig, men det var vel ikkje anna å vente? Verda er ein kald og kjærleikslaus stad.

    SvarSlett