søndag 22. november 2009

Litt klesforvirring

Eg likar å tru at eg er oppdatert på det meste, sjølv innanfor ulike moderne klesplagg og slikt. Sjølv om eg finn akkurat det rimeleg deprimerande, sidan det stort sett har gått nedover sidan hatten gjekk av moten. Likevel må eg seie eg stussa litt då eg kunne sjå følgjande reklame på gata;
Så eg vender meg til dykk, kjære lesar, og spør... kva i holaste er Coater? Eg har aldri sett noko eg trur er ein Coater, og eg er frykteleg usikker på om eg har lyst til det. Det må jo vere ein grunn til at dei no vert selt til halv pris, dei kan ikkje ha vore særleg attraktive.

Eg har sett ein del frakkar og kåper i den same butikken, men eg har enno ikkje hatt hellet med meg og funne ein Coater. Eg vurderar å stikke innom og spørre. Evt. prøve... for vitskapens skuld, men først vil eg gjerne vete frå dykk kva dette er for noko. Eg må ærleg innrømme, eg er ein smule forvirra.

3 kommentarer:

  1. Jeg lurer på om det er noe som brukes etter at man har primet med primer?
    Da coater man med coater, liksom. Og så kan det lakkes eller males til slutt.

    SvarSlett
  2. Av ren nysgjerrighet lurte jeg selvsagt på det samme, og skrev da Coater i nettleseren og fikk dette som svar ...

    http://www.coaterwear.com/

    Føler meg like utdatert som deg ;)

    SvarSlett
  3. Jon Stefan har løyst mysteriet!

    "Coater regnkåper" skal det vere. Som i regnkåper frå Coater...

    ... så er spørsmålet; kva faen er i vegen med nokon som kallar selskapet sitt Coater?!

    SvarSlett