onsdag 4. november 2009

Lucidity, vuggevise i spelform

Hakk i hel på The Secret of Monkey Island, køyrde LucasArts fram Lucidity. Deira mål er å prove at dei er attende, og tenkjer å ta spel på alvor att. Og Lucidity klarar det fint. Spelet kastar seg inn i ein vaksande sjangar av "seriøse" plattformspel. Sjangaren som er kjend for Mario Bros og Sonic, og som stort sett handlar om ein skal kome seg frå ein ende av skjermen til ein annan. Sjangaren har fått sin renessanse i det siste med spel som Braid til Xbox Live Arcade og PC, der ein kombinerar tradisjonell plattformspel med usedvanleg pen grafikk og tyngre konsept, båe av narrativ og mekanisk art.

LucasArts sitt Lucidity kom for nokre vekar sidan, til Xbox Live Arcade og PC, og sjarmerte buksane av meg frå første stund. Her følgjer vi ei jente som etter å ha lest eventyr hjå sin bestemor sovner. I spelet følgjer vi henne gjennom draumeverda. Vi styrar ikkje henne, men vi legg ut brikker eller gjenstander som skal hjelpe henne til å komme forbi farane - og å samle inn ildfloger. Det heile innpakka i ein prakt vi kjenner frå gamle teiknefilmar på barne TV. Det er simpelthen usedvanleg sjarmerande. Og ein må nesten innrømme at LucasArts foreløpeg overtyder om at dei er attende. Ta ein kikk på dette:

Høyrde du nokre kjende toner der i byrjinga? Det burde du. For temalåta burde vere kjend for dei fleste oppvaksen i Noreg og Sverige.

Historia bak dette er fortald her, men det koker ned til at den musikkansvarleg Jesse Harlin ville ha noko som ikkje var på engelsk. Helst ei vuggevise. Samstundes var han på jakt etter eit prosjekt han kunne gjere med Lisa Eriksson frå Techno Squirrels. Og vips... resultatet var Byssanlull. Den kjære vuggevisa dei fleste av oss har høyrd i ny og ne, og mest truleg sunget sjølv ein gong eller ti. Og kombinasjonen av Jesse Harlin sitt arrangement og Lisa Eriksson si stemme har absolutt ein effekt på spelet. Det sett verkeleg ein drøymande og fjern stemning for seansen, og ein melankoli ein berre vil drukne i.

Jesse Harlin var faktisk så snill, at han la låta ut. Så last ned, og kos dykk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar