søndag 15. november 2009

Målbunden film gjer stum?

Eg har ein forkjærleik for stumfilm skal de vete, det er noko herleg naivt og sjarmerande ved denne uttrykksformen som vanskeleg lar seg attskape. Eit tilfelle er filmen eg kunne by på i går, ein annan er den allereie klassiske Call of Cthulhu frå 2005. Det er jo ein grunn til at du finn ganske mykje stumfilm i bokhylla i moskeen, og at eg nyleg investerte i ein 4 1/2 times lang stumfilm om Dr. Mabuse.

Ein har ofte rett i at dialog er ein mykje oversett kunst i moderne film, ein nyttar ikkje lenger ord til å fortelje filmsoger, men det har minst like mykje med at moderne film har lite å fortelje, som at filmspråket i dag er særs avansert. Samstundes kan ein kaste eit blikk til stumfilmen, til den russiske montageteorien og den tyske ekspresjonismen som gav oss mektige epos utan å ytre eit einaste ord. Den underfundige visuelle humoren som følgjer med dei tekniske begrensingane er heller ikkje noko å forakte, fordi den så lett lar seg kombinere med meir alvorlege tema.

Ta til dømes problema knytta til seksualitet, først og framst homoseksualitet. Eit tema som ofte har blitt tematisert meir eller mindre eksplisitt i film gjennom dei siste hundre åra. Så mange av dei mest minneverdige filmkarakterane er ein del av eit radarpar. To menn som er saman i tjukt og tynt, som har ein nær erotisk nærleik til kvarandre og som ikkje fungerar utan kvarandre. Ta Helan og Halvan til dømes, eller Laurel og Hardy som dei heiter på originalspråket. Dei er kanskje stadig i romantiske trøbbel, men er det ikkje slik at dei eigentleg berre har blikk og hjarte for kvarandre? Dei eksemplifiserar veldig godt det homofile filmparet. Berre sjå her!

Det får ein eigentleg til å lure på om det ligg meir bak namna; Helan og Halvan?

Takk til min eminente venn Lord Bassington-Bassington, forvaltar av god smak, for tips om videoen.

2 kommentarer:

  1. Hei! Skal jeg beskyldes for å ha god smak også, nå? Jeg som har masse Mariah Carey-skiver og greier!

    SvarSlett
  2. Vi er ingen feilfrie, men du burde kanskje ikkje lufte din skam offentleg på det viset ;-)

    SvarSlett