måndag 9. november 2009

Merkedagsforvirring

Dette er ein viktig merkedag, ein dag som resonnerar gjennom moderne historia. Og sjokkbølgja byrjar i Tyskland. Germania!

Ein har varma opp til det lenge, men i dag slepp ein flaumen av glede og entusiasme fram. I dag var dagen då historia endra seg for alltid, då tyskarane reiste seg og kvitta seg med det symbola som hadde tynga dei ned i fleire tiår. No dukkar dei opp i avisene med store glis, alle kommentatorane og fortel med stort engasjement om korleis tyskarane, ført an av Sturmabteilung (SA) gjekk laus på jødiske forretningar og synagogar! Denne Krystallnatta som den vart kjend som skulle for alltid brenne 9. november inn i historiebøkene, og i dag markerar ein det gledelege jubileumet for denne... nei... vent litt. Dette kan ikkje stemme...

La meg sjekke.

Aaah. Slik heng det saman! I dag markerar vi med fakkeltog verda over, denne forbrytelse mot menneskeheten og slaget mot fridom som fann stad i Tyskland. På denne dag, 9. november for nøyaktig 20 år sidan marsjerte kapitalistiske nikkedukkar mot grenseovergangane mellom aust og vest Berlin, og gav slik nådestøtet til den demokratiske tyske republikken, DDR, og med dette kollapsa kommunistveldet i aust. Denne sorgens dag minnast vi i dag, med orda aldri meir... og... nei, faen, det stemmer heller ikkje.

Eg gjev opp. Eg skjønnar ikkje 9. november. Folk er enten fulle av sorg, eller renn over av glede over datoen. Og det forvirrar meg fullstendig. Tenk, eg har hatt litt av ein dag sjølv, skal eg seie dykk! Desse andre forvirrande folka har ikkje einerett på denne dagen, nei! Min dag byrja altså med at heisen stogga, med meg i, då eg skulle på jobb, og så....

4 kommentarer:

  1. Kommunister og gynekologer har det til felles at begge finner problemer der andre finner lyst og glede.

    SvarSlett
  2. Tja, eg har møtt min del gynekologar som har stor glede av jobben sin.

    Eg har òg møtt lystige kommunistar.

    It takes all sorts ;-)

    SvarSlett
  3. Proktokologer, derimot, finner lyst og glede der andre finner problemer.

    SvarSlett
  4. Du og desse proktologvennane dine, Snirkel ;-)

    SvarSlett