måndag 23. november 2009

Metal, no homo!

Grevens kommentarar om homofilien i Black Metal, har fått ein del folk til å heve augebryna. Særleg coveret til hans neste plate tatt i betrakting.

At Black Metal, med eit image som innebærar bar overkropp, tettsittande lærbukser og ein del anna rekvisita frå Tom of Finland-teikningar, kan ha eit visst homofilt strøk er vel... truverdig. Mannen Greven satt inne for å myrde insisterte sjølv på at han berre hadde analsex for å fornekte livet. Noko han har felles med ein del fascistiske homser der ute. Så vår adelege venn har nok eit godt poeng, sjølv før vi trekk inn den elles så sprutsprø Gaahl, tidlegare frontmann i Gorgoroth som nyleg (etter at denne bloggaren hadde rapportert sanninga) kom ut av skapet, og via sitt offentlege kjærleiksliv til unge modellpene menn.

Om dette er eit imageproblem må kanskje Greven ty til ei gruppe han hatar enno meir for gode råd. Han må gå til desse fæslege negrane og deira Hip Hop, for dei har skjønt korleis noko som virker ostentivt homoerotisk (sjå illustrasjon) til å verte vassekte hetero mandig.

Det Greven sin Black Metal treng er simpelthen eit gigantisk grynt av NO HOMO! Så ordnar alt seg skal de sjå.

2 kommentarer:

  1. Dessverre tror jeg Greven fremstår som ytterpunktet for endel av elitismen (og nasjonalismen) som preger endel av BM-scenen (nå kan jo ikke Greven sies å tilhøre BM lenger da, men han er fremdeles et symbol på det tidlige 90-tallets BM).

    Personlig har jeg mer sansen for typen nasjonalisme som f.eks Vreid omgir seg med (motstandskamp under okkupasjon), eller tilogmed Windirs naturskildringer. Det er ingenting destruktivt med det. Det samme kan dessverre ikke sies om alle. Når Storm synger om "blåmenn" og at alle som ikke hedrer fedrelandet skulle vært slått ihjel osv. - blir det litt vél destruktivt og fiendtlig.

    Nasjonalisme kan brukes på godt og vondt. Elitisme brukes vel stort sett bare på vondt ;)

    SvarSlett
  2. Nasjonalisme, no homo?!

    Eg veit ikkje kva fortolking du har av nasjonalisme som gjer det homoerotisk, og difor relevant til akkurat dette innleggjet.

    Men eg antar at det er knytt til at du er misunneleg for at du ikkje får vere ein del av eliten! Æddabædda! ;-D

    SvarSlett