måndag 30. november 2009

Om Gud hadde eit andlet

Korleis ser Gud ut? Eit spørsmål mange undrar seg over, og nokre trur dei har svaret. Andre meiner at å spekulere i det er blasfemisk.

Det er vel gjerne slik at det gjerne kjem an på kva religion du har, korleis du vel å sjå for deg det guddomlege. Ein kan jo spørre seg kva ein tenkte når ein utsmykka The National Cathedral i Washington DC med denne engleaktige framtoninga:Det er kanskje noko i den katolske lære eg har gått glipp av? I så fall så er det ein doktrine her eg har lyst til å lære meir om. Alternativt er det kanskje eit gudebilete frå Jedi Riddarordenen? Dei har jo fått sin eigen offisielle religion etterkvart, og det er jo noko messiansk over Darth Vader. Min helt då eg var gut, var han i alle fall.

Slashfilm, der biletet stammar frå, utdjuper saka.

2 kommentarer:

  1. Hans replikk "I am your father" fikk plutselig en dypere mening.
    Ellers sier vel dette muligens noe om manglende teologisk-praktisk kvalitetskontroll i et multireligiøst samfunn?

    SvarSlett
  2. Heilt klart til beggje deler.

    Sjølv nytta eg meg av replikken då ein representant frå Levende Ord menighet i Bergen ba meg representerte synda og vondskapen i ei spontan framstilling av frelsa han satt opp.

    Eg mistenkjer at han ikkje satt pris på det. "Join me, and we'll end this destructive conflict and bring order to the Galaxy!"

    *fnis*

    SvarSlett